Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2009 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2009 vart 96,6 milliardar kroner. Det er 10,7 milliardar kroner lågare enn rekna i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2009. Skatte- og avgiftsinntektene auka med om lag 3 milliardar kroner frå anslaget i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2009 vart 96,6 milliardar kroner. Det er 10,7 milliardar kroner lågare enn rekna i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2009. Skatte- og avgiftsinntektene auka med om lag 3 milliardar kroner frå anslaget i nysaldert budsjett. Medrekna annan auke i inntektene, vart dei samla inntektene knapt 5,9 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 4,8  milliardar kroner lågare enn lagt til grunn i nysalderinga.

Under handsaminga av nysaldert budsjett i desember 2009 vedtok Stortinget ei overføring på 107,2 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, svarande til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysalderinga. I rekneskapen vart det oljekorrigerte underskotet 96,6 milliardar kroner, og statsrekneskapen vert såleis gjort opp med eit overskot på 10,7 milliardar kroner.

Samanlikna med saldert budsjett for 2009 auka det oljekorrigerte underskotet med 47,9 milliardar kroner. Av dette kjem auken i utgiftene på 22,2 milliardar kroner i stor grad frå tiltakspakka for arbeid som Regjeringa la fram i januar i fjor, medan nedgangen i inntektene på 25,7 milliardar kroner i stor grad kan førast tilbake til konjunktursituasjonen og lågare skatte- og avgiftsinngang.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2009, er no rekna til 110,0 milliardar kroner. Det er 18,0 milliardar kroner høgare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2009, men 14,4 milliardar kroner lågare enn rekna i nysalderinga. Bruken av petroleumsinntekter vart 18,8 milliardar kroner høgare enn forventa realavkastning av Statens pensjonsfond utland, rekna til 4 prosent av fondet ved inngangen til året. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på utgifts- og inntektssidene i budsjettet og for endringar i rekneskapsmessige høve.

Rekneskapstala for Statens pensjonsfond utland syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 279,8 milliardar kroner. Av desse vart 107,2 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, i samsvar med nysaldert budsjett. Netto renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond utland vart 86,5 milliardar kroner medrekna administrasjons- og forvaltningskostnader på 3,2 milliardar kroner. Netto renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond Noreg vart 4,7 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond, etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar, vart dermed 263,8 milliardar kroner. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 259,1 milliardar kroner. Dette gjev eit samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond på 274,5 milliardar kroner.

Ved utgangen av 2009 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland 2 642,0 milliardar kroner. Det er 362,4 milliardar kroner meir enn ved utgangen av 2008. Overskotet auka verdien av fondet med 259,1 milliardar kroner. Verdien auka òg som følgje av urealiserte vinstar på 606,6 milliardar kroner, delvis oppvege av ein nedgang på 417,6 milliardar kroner som følgje av styrka kronekurs. Realiserte tap var på 83,5 milliardar kroner, medan Staten sitt kjøp av aksjar i Statoil ASA vart finansiert i fondet og reduserte verdien av fondet med 2,2 milliardar kroner.

Frå utgangen av 2008 til utgangen av 2009 auka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 29,3 milliardar kroner, frå 87,8 milliardar kroner til 117,1 milliardar kroner. Endringa kjem av netto renteinntekter og utbyte på 4,7 milliardar kroner, realiserte vinstar på 1,0 milliardar kroner og  23,7 milliardar kroner i urealiserte vinstar på aksje og renteplasseringane. Administrasjons- og forvaltningskostnader var 91 mill. kroner.

Hovudtal frå statsrekneskapen 2009
(tal i mill. kroner)

Saldert
budsjett

Nysaldert
budsjett

  Rekneskap

1. Statsbudsjettet

     

Inntekter i alt

  1 194 662

  1 040 427

  1 051 889

Inntekter frå petroleumsverksemda

421 540

298 919

304 513

Inntekter utanom petroleumsverksemda

773 122

741 508

747 376

Utgifter i alt

848 472

873 851

868 656

Utgifter til petroleumsverksemda

26 700

25 122

24 719

Utgifter utanom petroleumsverksemda

821 772

848 729

843 937

Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot

-48 650

-107 221

-96 561

+ Overført frå Statens pensjonsfond utland

48 650

107 221

107 221

= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar

0

0

10 660

       

2. Statens pensjonsfond

     

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda

394 840

273 797

279 794

- Overført til statsbudsjettet

48 650

107 221

107 221

+ Renteinntekter og utbyte i fondet[1]

87 200

108 400

91255

= Overskot i Statens pensjonsfond

433 390

274 976

263828

3. Samla overskot på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

433 390

274 976

274 488

 
_______________________________________________________________

[1] For 2009 var renter og utbyte i SPU 86,507 milliardar kroner og SPN 4,735 milliardar kroner.