Statsrekneskapen for 2014 lagt fram

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2014 vart 160 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2014 med 1 416,1 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Statsrekneskapen syner at det oljekorrigerte underskotet vart 3,8 milliardar kroner større enn lagt til grunn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2014, sjå tabellane 2 og 4. Inntektene vart 3,4 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 7,3 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet vart 22,5 milliardar kroner større enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2013. Utgiftene vart 5,3 milliardar kroner høgare enn det som då vart lagt til grunn. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene 24,8 milliardar kroner lågare, medan andre inntekter vart 7,7 milliardar kroner høgare enn det som vart lagt til grunn i det salderte budsjettet. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2014 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2014 no rekna til 146,7 milliardar kroner eller 2,9 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2013, jf. tabell 1.

Ved utgangen av 2014 er bokført verdi av Statens pensjonsfond i kapitalrekneskapen 6 431 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 186 milliardar kroner, jf. tabell 3. Det meste av auken i kapitalen i Statens pensjonsfond i 2014 er knytt til Statens pensjonsfond utland (SPU), men òg SPN synte ein monnaleg auke.

 

 Tabell 1 (mrd. kroner)

Nøkkeltall for 2014-budsjettet

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A)  Oljekorrigert underskot

137,5

156,2

160,0

B)  Strukturelt, oljekorrigert underskot

139,0

141,3

146,7

C)  Forventa realavkastning (4 pst.)

194,5

201,3

201,3

D)  Avstand til 4 pst. banen (B-C)

-55,5

-60,0

-54,6

E)  Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

2,9

2,8

2,9

F)  Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

2,5

2,9

3,1

G)  Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

-3,8

H)  Overskot i Statens pensjonsfond

324,5

314,5

315,6

I)  Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

324,5

314,5

311,7

 

Tabell 2 (mrd. kroner)

Endring i det oljekorrigerte underskotet for 2014

Frå saldert til rekneskap

Frå nysaldert til rekneskap

Auke i det oljekorrigerte underskotet

22,5

3,8

Netto inntektsendringar

-17,2

3,4

Herav:   Skattar   og avgifter

-24,8

-1,2

               Inntekter utan renter frå forvaltningsbedriftene

0,5

0,2

               Renteinntekter og utbyte utan Statoil

0,8

-0,1

               Meirinntekter som heimlar meirutgifter

4,3

4,3

               Andre inntekter under departementa

2,0

0,3

Netto utgiftsendringar

5,3

7,3

Herav     Dagpengar

0,7

0,1

               Renteutgifter, statsgjeld

0,4

0,6

               Utgifter heimla i meirinntekter

4,3

4,3

               Andre utgiftsendringar (netto)

-0,1

2,3

 

 

Tabell 3 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond. 2014

Statens
pensjonsfond
utland

Statens
pensjonsfond
Noreg

Samla

Netto kontantstraum

311,7

 

311,7

- Overført statsbudsjettet

156,2

 

156,2

+ Renter og utbyte

152,6

7,5

160,1

= Overskot

308,1

7,5

315,6

Kapital per 31.12.2013

5 032,4

167,8

5 200,2

+ Overskot

308,1

7,5

315,6

+   Valutakursregulering

702,3

-

702,3

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

387,8

10,4

398,2

= Kapital per 31.12.2014

6 430,6

185,7

 6 616,2

Endra verdi

1 398,2

17,9

1 416,1

 

Tabell 4 (mill. kroner)

Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett

Saldert budsjett 2014

Nysaldert budsjett 2014

Rekneskap 2014

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 293 027

1 274 225

1 278 757

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

344 131

345 946

347 039

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

948 896

928 279

931 719

B

Utgifter i alt

1 116 400

1 121 445

1 127 099

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

30 002

37 002

35 372

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 086 398

1 084 443

1 091 727

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-137 502

-156 164

-160 008

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

137 502

156 164

156 164

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

0

0

-3 844

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

314 129

308 944

311 667

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

137 502

156 164

156 164

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

147 900

161 700

160 084

=

Overskot i Statens pensjonsfond

324 527

314 480

315 586

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

Samla overskot

324 527

314 480

311 743