Statssekretærar til Polen

Statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet og statssekretær Bård Glad Pedersen i Utanriksdepartementet vitjar sine polske kollegaer i Warszawa 8. april.

Konsultasjonane vil ha ein brei sikkerheitspolitisk agenda. Statssekretærane vil mellom anna snakke om NATO, regionalt samarbeid, bilateralt samarbeid og internasjonal tryggleik.

Pressekontakt:
Marita I. Wangberg, telefon 90512319, epost miw@fd.dep.no .

Varsling:
Vil du ha varsel om nyhende og pressemeldingar frå Forsvarsdepartementet? Les meir her:

https://www.regjeringen.no/nb/system/epostvarsling-og-rss/id2000104/