Presseinvitasjon:

Statssekretær Danielsen til Dønna på Helgeland

Statssekretær Trine Lotherington Danielsen i Nærings- og fiskeridepartementet besøker Dønna på Helgeland i Nordland onsdag 8. september.

statssekretær Trine Lotherington Danielsen

– Eg gler meg stort til å delta på den offisielle opninga av dei nye forskingsanlegga til LetSea. Dei har gjort spennande framstøyt innanfor forsking på landbasert oppdrett. Det er positivt for vi treng stadig ny kunnskap for å ta sjømatnæringa til nye høgdar. Jo fleire bein vi har å stå på jo betre er det for næringslivet og, seier statssekretær Trine Lotherington Danielsen (H)

Program: 

09:30: Avgang frå Sandnessjøen til Dønna.

10:00: Opning av forsking- og utviklingfasilitetane ved LetSea land.

Transport over fjellet til Solfjellsjøen.

11:00: Offisiell opning av  forsking- og utviklingfasilitetane ved LetSea Sea.

12:30: Møte mellom statssekretær Danielsen og LetSea.

14:00: Retur Sandnessjøen.