Historisk arkiv

Statssekretær Tybring-Gjedde deltok på byggjestart av Aibels Sverdrup-plattform

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

OEDs statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde var måndag med på markeringa av byggjestart for borestøttemodulen til Aibel si Sverdrup-plattform.

 Dette er ein merkedag. Eg vil gratulere Aibel med første byggjedag av ein viktig modul for Sverdrup-utbygginga, det største industriprosjektet i nyare tid, sa statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde under markeringa i Haugesund.

Aibel vann i februar i fjor kontrakten for boreplattforma for Johan Sverdrup-feltet. Borestøttemodulen vert bygd ved selskapets verft i Haugesund.

-  Dagen i dag viser kor viktig Sverdrup-prosjektet er. Det vil bidra til sysselsetting og ringverknader over heile landet. Johan Sverdrup- feltet skal levere olje i tiår. Utbygginga er eit godt døme på kva den norske industrien kan levere understreka Tybring-Gjedde.

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde under markeringa av byggjestarten (foto: YP/OED)