Brende til møte i støttegruppa for Libanon i Paris

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende deltar på møtet i støttegruppa for Libanon, som blir halde i Paris onsdag 5. mars.

Utanriksminister Børge Brende deltar på møtet i støttegruppa for Libanon, som blir halde i Paris onsdag 5. mars.

Dette er det andre møtet i støttegruppa for Libanon, som formelt går føre seg i regi av FNs generalsekretær. Gruppa er meint å sikre Libanons tryggleik og stabilitet i lys av krigen i Syria, den store flyktningestraumen og dei økonomiske byrdene. 

Deltakerane er dei fem faste medlemene i Sikkerheitsrådet, EU og Den arabiske liga. Libanons president Michel Sleiman vil også delta på møtet. I tillegg er Unifil-deltakarlanda Tyskland, Italia, Finland og Spania invitert, saman med Noreg.

Den norske utanriksministeren er invitert på bakgrunn av at Noreg er største gjevaren til Verdsbankens «trustfund» for Libanon. Regjeringa løyvde i desember i fjor 30 millionar kroner til dette. 

Tema for møtet er militærbistand til Libanon, hjelp til dei syriske flyktningane og bistand til libanesisk økonomi for å hindre samanbrot.   

Det er venta at også situasjonen i Ukraina vil bli eit tema i samband med møtet.

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920