Historisk arkiv

Stokkøya i Åfjord heidra med Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2018 blei i dag tildelt Torhild Langklopp og Roar Svenning for deira initiativ og arbeid med å skjøtte kystlyngheilandskapet på eigedomen sin, Troningen gard, på Stokkøya i Åfjord kommune.

Heiene er tilbakeført ved rydding av skog, lyngsviing og beiting av sau. Den store innsatsen for kystlyngheiene på Stokkøya, er blant anna kome i stand gjennom dugnadar der WWF, Norsk Botanisk Forening, Norges Naturvern-forbund og andre interesserte aktørar, har stilt opp.

– Her på Stokkøya finn vi et godt døme på korleis ein kan kombinere gardsdrift og anna næringsverksemd basert på oppleving av natur og landskap, altså verdiskaping basert på alle gardens ressursar. Dette er ei verksemd vi ønskjer å sjå meir av fordi vi meiner at det er eit potensiale for å auke verdiskapinga basert på natur og utmarksressursane, sa statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal under tildelinga i dag.

Roar Svenning og Torhild Langklopp saman med statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal under prisutdelinga i dag.
Roar Svenning og Torhild Langklopp saman med statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal under prisutdelinga i dag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kystlynghei finst langs kysten frå Hvaler i Østfold til Lofoten i Nordland og er forma gjennom rydding av kratt og buskar og fleire tusen års beiting og lyngbrenning. Viktig naturmangfald er knytt til kystlynghei som til dømes blomeplantar, grasartar, mosar, lav og insekt som villbier og den truga kysthumla. 

Langklopp og Svenning driv jordbruk med sau og utnyttar aktivt ressursane gjennom slått og beite. I tillegg driv dei hotellet Stokkøya Sjøsenter. Opplevingar er basert på det naturen har å tilby gjennom til dømes dykking i sjøen eller vandring i kulturlandskapet og kystlyngheiene der skuleklassar, turistar og andre aktørar stadig er på vitjing. Dette er eit godt døme på verdiskaping basert på aktivt bruk av alle gardens ressursar. Eigarane legg stor vekt på å formidle kunnskap om sitt arbeid og om kystlyngheiane til dei som kjem til Stokkøya. 

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om kåringa av det beste prosjektet kvart år.

Fylkesmennenes landbruksavdelingar, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping