Stor auke i jordbruksinntekta i 2012

Jordbruksinntektene auka med kr 46 200 til kr 268 800 per årsverk frå 2011 til 2012. Det er summen av mange positive element som er årsaka til den store framgangen. Betre kornavlingar, auka prisar på mjølk og kjøt kombinert med volumauke er viktige forklaringar på den store framgangen.

Jordbruksinntektene auka med kroner 46 200 til kroner 268 800 per årsverk frå 2011 til 2012. Det er summen av mange positive element som er årsaka til den store framgangen. Betre kornavlingar, auka prisar på mjølk og kjøt kombinert med volumauke er viktige forklaringar på den store framgangen. 

Dette går fram av dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for landbruks-økonomisk forskning (NILF). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 870 bruk fordelt over heile landet.

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka med 21 prosent på landsbasis frå 2011 til 2012. Inntektsnivået i jordbruket var høgast på Jæren med kroner 321 900 per årsverk, etterfølgt av flatbygdene i Trøndelag (kroner 318 500). Produksjonsomfanget per driftseining auka, og arbeidsinnsatsen auka med knapt 2 prosent. 

Høgast jordbruksinntekt: Mjølk og svin
Størst prosentvis auke i jordbruksinntekta hadde kornprodusentane med 65 prosent men dei oppnådde likevel berre kroner 100 000 per årsverk. Bruk med mjølk og svin gav høgast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene med gjennomsnittleg kroner 317 800 per årsverk, ein auke på 7 prosent frå 2011. Mjølkeprodusentane oppnådde kroner 283 200 per årsverk, ein auke på 21 prosent.

Mest investering på Jæren
Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk var kroner 98 000 mot kroner 83 000 i 2011. Nivået er likevel langt lågare enn toppåret 2009, men høgt samanlikna med gjennomsnitt for siste tiåret. Det vart investert mest i driftsbygningar, og det var høgast nettoinvestering på Jæren. 

Nedgang i skoginntekt
For 142 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 500 dekar. Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kroner 45 500, ein nedgang på kroner 3 000 frå 2011 Trass høgare avverking førte lågare tømmerprisar til nedgang i resultatet.

Åkerlandskap med høyballer
Jordbruksinntektene auka med kroner 46 200 til kroner 268 800 per årsverk frå 2011 til 2012.(Foto: Torbjørn Tandberg)