Stor auke i talet på busette

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Per 30. juni hadde norske kommunar busett 4 428 flyktningar. Det er 21 prosent meir enn på same tid i fjor. No blir det løyvd eit ekstratilskot på 50 millionar kroner til kommunar som buset fleire flyktningar enn dei er spurt om.

-- Det er stadig fleire kommunar som buset flyktningar. Det er ei gledeleg utvikling. Gjennom revidert nasjonalbudsjett, som Stortinget no har handsama, blir det løyvd 50 millionar kroner som skal fordelast til kommunar som i år tek i mot fleire enn dei er oppmoda om. I tillegg aukar vi tilskotet til utleigebustadar med 80 millionar kroner, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

50 av dei 80 millionar kronene er ei varig auke av tilskotsramma, medan dei resterande 30 millionar kronene gjeld inneverande år.

Håper på auka busetting
Føremålet med ekstratilskotet og auken av tilskotsramma for utleigebustadar er å legge til rette for at kommunane kan busette fleire flyktningar.

 --Eg håper at kommunar som har gjort vedtak om busetting med atterhald, eller som enda ikkje har gjort vedtak, vil ta i mot flyktningar med dette ekstratilskotet. I løpet av den næraste tida vil alle norske kommunar få ein ny førespurnad frå IMDi for 2016, seier Horne. 

Dialogmøter med kommunane
Hittil har statsråden hatt møter med representantar og ordførarar frå rundt 100 kommunar for å høyre kvar skoen trykker i busettingsarbeidet. Fleire møter følgjer over sommaren.

-- Mange kommunar gjer eit fantastisk arbeid. Busetting krev både engasjement og gode rammevilkår. Eg håper at det Stortinget no har vedtatt sikrar ei god busetting av dei som får opphald i Noreg både i år og i åra framover, seier statsråden.

Bedt om kartlegging
Så langt har 329 kommunar gitt tilbakemelding på statsråd Hornes oppmoding om å kartlegge kor mange flyktningar dei kan busette i 2015 og 2016. Kommunane som har svart signaliserer at dei kan ta i mot rundt 3946 ekstra flyktningar totalt i år og neste år. Dette talet inkluderer både førebelse og endelege vedtak, og mange av dei er med ulike atterhald.

Over 5000 ventar

Talet på busettingsklare i mottak var per 30. juni 5 228 personar, inkludert 316 einslege mindreårige. Blant busette hittil i år, er gjennomsnittleg ventetid frå vedtak til busetting på 8,9 månadar.