Historisk arkiv

Stor auke i tilbodet om høghastigheits breiband i Vestfold og Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Breibandtilbodet i Noreg vert stadig betre. Ved utgangen av første halvår 2020, hadde om lag 89 prosent av husstandane tilbod om breiband med høg hastigheit (100 Mbit/s).

- Det er flott å sjå at vi truleg når det ambisiøse målet vi sette i 2016 om eit tilbod om breiband med 100 Mbit/s til minst 90 prosent av husstandane i løpet av 2020, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

På oppdrag frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), har konsulentselskapet Analysys Mason gjennomført ei undersøking av breibanddekninga i Noreg.

Undersøkinga viser at 85 prosent av husstandane i Vestfold og Telemark har tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s, medan heile 98 prosent har tilbod om breiband med 30 Mbit/s. Dette gjer at fylket ikkje ligg langt under landsgjennomsnittet når det gjeld dekning for desse hastigheitene.

Stor auke på landsbasis – størst auke i distrikta

89 prosent av husstandane i Noreg har no tilbod om breiband med 100 megabit per sekund. For spreiddbygde strøk er dekninga om lag 56 prosent av husstandane, som er ein auke på om lag 10 prosentpoeng sidan 2019. Det blir bygd ut fiberbreiband i stort tempo i Distrikts-Noreg.

- Det gler meg ekstra mykje som distrikts- og digitaliseringsminister at veksten er god i område med spreidd busetnad. Det er ei formidabel utvikling, men vi er ikkje fornøgde enno. Vårt mål er høghastigheits breiband til alle, seier Helleland.

Det er også verd å merke seg at om lag 98 prosent av husstandane i landet no har tilbod om 30 Mbit/s nedlasting, ein auke på om lag 9 prosentpoeng.

- Breiband med 30 Mbit/s er tilstrekkeleg til grunnleggande aktivitetar på internett og strømming av video. Den marknadsbaserte og teknologinøytrale politikken gir rom for innovasjon og utvikling av nye tenester. Utviklinga av tilbod om fast trålaust breiband er eit godt døme på innovasjonskrafta i bransjen. Så skal vi vidare til høghastigheit for alle, seier Helleland.

Statleg tilskot til enkelte område

Det finst område i landet der tilbydarane ikkje finn det lønnsamt å bygge ut. For å sikre utbygging i desse områda, bidreg staten med tilskot.

I 2020 er det løyvd rekordhøge 406 millionar kroner. Løyvinga vil truleg gjere at om lag 30 000 husstandar får eit nytt eller forbetra tilbod om breiband.

- Denne regjeringa legg til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og skape verdiar i heile landet. Løyvingane til breibandutbygging har vore høgare under denne regjeringa enn under førre regjering. Sidan 2014 er det løyvd om lag 1,3 millardar kroner til breiband, som samla truleg vil gi over 100 000 husstandar eit nytt eller betre tilbod, seier Helleland.

Rapporten er offentleggjort på Nkom sine heimesider.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00