Stor interesse for matfaga

Det er ein klar auke i fyrstevalssøkjarar til matfaga i høgare utdanning og til yrkesfaglærarutdanning i restaurant- og matfag. Interessa for landbruksfag og andre grøne utdanningar held seg stabilt.

– Eg er glad for at det framleis er stor interesse for å ta ei høgare utdanning innan grøne fag. Det grøne skiftet og utvikling av landbruket i åra framover er avhengig av dyktige fagfolk og høg kompetanse innanfor ei rekke fagområde, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.  

– I år er det også spesielt gledeleg at det er auke i talet på fyrstevalssøkjarar til matvitskap og andre matrelaterte fag i høgare utdanning, og at det er fleire som ønsker å bli lærarar i matfaga i vidaregåande skule. Det lover godt for å møte nokon av dei utfordringane som utvalet for auka rekruttering til mat- og måltidsbransjen peika på i rapporten eg fekk overlevert tidlegare i år. Dette er gode nyhende i arbeidet med å bygge Matnasjonen Norge framover, seier Bollestad.

Søkjartala til dei landbruksrelaterte grøne utdanningane har samla sett halde seg stabile frå rekordåret i fjor til i år. Agronomiutdanninga (ved Høgskolen Innlandet) hadde ein kraftig auke frå 2019 til 2020, og dei høge tala har halde fram i 2021. Årsstudium i økologisk landbruk, som er eit nettbasert deltidsstudium over to år, blir stadig meir populært med over 240 søkjarar i år. Når vi ser på matvitskap og andre matrelaterte fag, er det samla sett ein auke på nær 40 prosent. Samstundes er det ein klar auke i interessa for yrkesfaglærarutdanning i restaurant– og matfag.

Rekordmange har fått studieplass

Aldri før har så mange fått plass ved landets universitet og høgskolar. I år har 110 119 søkjarar fått tilbod om studieplass.