Historisk arkiv

Stord er Årets nynorskkommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Stord kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2009. Fjell kommune får rosande omtale. – Dei to arbeider for å oppretthalda nynorsk som eit aktivt og vitalt bruksspråk, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Stord kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2009. Fjell kommune får rosande omtale. – Dei to arbeider for å oppretthalda nynorsk som eit aktivt og vitalt bruksspråk, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prisen skulle gå til ein kommune som har nynorsk som sitt offisielle språk, og som har gjort ein særskild innsats for å fremja nynorskens plass i samfunnet. Prisen er nyoppretta og består av 100.000 kroner og eit trykk av Terje Risberg.

- I ei tid med internasjonalisering og språkpåverknad utanfrå er det flott at så mange som 114 kommunar brukar nynorsk som dagleg språk, og byggjer sin kulturelle identitet opp mot dette, seier statsråden.

- Stord er ein verdig vinnar av prisen som årets nynorskkommune 2009, seier Kleppa. – Eg vonar prisen vil verka stimulerande for alle som er engasjerte i å oppretthalda nynorsk som eit aktivt og vitalt bruksspråk i kommunane og at dette kan bli ein inspirasjon til vidare innsats.

Elleve kommunar søkte om å bli vurderte til prisen. Dei elleve er Valle, Sund, Vinje, Fjell, Lom, Hornindal, Stord, Aurland, Norddal, Nissedal og Ullensvang kommunar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.


Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa og Hege Myklebust, styremedlem i Stord mållag. (Foto: Agnar Kaarbø/KRD.) [ Høyoppløselig versjon til fri bruk ]

Til toppen