Historisk arkiv

Store ambisjonar for jernbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Svarinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i Adresseavisen 29. oktober 2019.

Vi viser til innlegget «Kanskje Norge trenger 'Nye Baner'?» av Helge Rushfeldt i Trondheim Arbeidersamfunn. Regjeringa prioriterer jernbanen. Vi foreslår å bruke 26,8 milliardar kroner på jernbaneformål i statsbudsjettet for 2020, ein vekst på 88 prosent etter at vi overtok i 2013. Dette er mykje pengar, men det er heilt naudsynt for å utvikle norsk jernbane til eit moderne, godt fungerande transportsystem som kan transportere mange menneske på ein miljøvenleg måte. I løpet av dei siste seks åra har talet på persontogreiser i året auka med om lag 15 millionar i året - det vil seie 20 prosent. Vi ser altså at vår jernbanepolitikk verkar.

Men vi er sjølvsagt ikkje i mål. Med unnatak for bygginga av Gardermobanen på 1990-talet har det ikkje blitt bygd så mykje ny jernbane sidan Nordlandsbanen sto ferdig til Bodø i 1962. I første omgang prioriterer vi å utvikle jernbanen i og mellom dei store byområda, fordi det er der behovet er størst. InterCityprosjekta på Austlandet utgjer den største jernbanesatsinga i nyare norsk historie. Framtidige trasear blir dimensjonert for hastigheiter opp mot 250 kilometer i timen, nettopp for at dei skal kunne inngå i eit høghastigheitsnett for jernbane.

Regjeringa manglar altså ikkje visjonar for utviklinga av jernbanen, slik Helge Rushfeldt i Trondheim Arbeidersamfunn hevdar i Adresseavisen 22. oktober, men vi må byggje i riktig rekkjefølge. Vår ambisjon for InterCity-strekningane står ved lag. Men når ei av delstrekningane på Østfoldbanen får ein kostnadsauke på om lag 20 milliardar kroner har i alle fall eg såpass respekt for skattebetalarnes pengar at eg meiner det er behov for å ta ein pust i bakken med gjennomgang av prosjektet. Eg håpar at Rushfeld er einig i det. Men dette betyr ikkje at prosjekta stoppar heilt opp.
Fleire av Adresseavisens lesarar er sjølvsagt opptekne av at togtilbodet i Trøndelag skal bli betre. Det er eg òg. Den mykje omtalte elektrifiseringa av Trønder- og Meråkerbanen vil i seg sjølv ikkje gi eit betre togtilbod. I statsbudsjett for 2020 foreslår vi difor pengar til å planleggje tiltak som vil gi to tog i timen på strekninga Melhus-Steinkjer. Samstundes går regjeringa inn for å elektrifisere dei strekningane som er mest føremålstenelege å elektrifisere i eit miljø- og klimaperspektiv, det vil seie strekninga Trondheim-Hell-riksgrensa.

Frå 2021 kjem nye, bimodale togsett inn i trafikk på Trønderbanen. I byrjinga er det lagt opp til at toga vil gå på Euro 6-diesel på delstrekningar som ikkje er elektrifiserte, men dieselmotorane kan etter kvart bli bytta med nullutsleppsteknologi. Slik kan vi gi dei reisande ikkje berre eit meir miljøvenleg togtilbod, men òg eit togtilbod med høgare frekvens. Det trur eg passasjerane i Trøndelag vil setje pris på.