Historisk arkiv

Store endringar i jordleigeprisane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordleigeprisane for 2015 viser store endringar fleire stader i landet. Prisane går både opp og ned samanlikna med fjoråret. Spesielt er det endring i Rogaland, der prisauken er stor for dei fleste produksjonsformål.

Resultata frå den årlege undersøkinga av jordleigepriser i kommunane er nå klare. Landbruksdirektoratet har våren 2015 spurt 332 kommunar om jordleigepriser for deira kommune. Responsen frå kommunane har vore god, og resultata nedanfor er basert på svara frå 221 kommunar.

I undersøkinga ber direktoratet kommunane om å gje opp gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på utleige til følgjande produksjonsformer: Grasdyrking, korndyrking, grønsak- og bærdyrking, potetdyrking, utmarksbeite og innmarksbeite. Landbruksdirektoratet ber også om at ein skil mellom ”god” og ”dårleg” jord, for alle produksjonane. Med ”dårleg” jord meiner vi jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord, jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg, eller som har lite hensiktsmessig inndeling.

Dei høgaste utleigeprisane finn ein naturleg nok for utleige av god jord, og då oftast til potet- og grønsakproduksjon. I enkelte områder er det stort press og relativt høge prisar på utleige til disse produksjonane. Men i Rogaland vert det nå også betalt mykje for god jord til kornproduksjon.

Potetåker
Dei høgaste jordleigeprisane er på god jord, og då oftast til potet- og grønsakproduksjon. Foto: Øystein Ruden/Mattilsynet