Historisk arkiv

Stormen "Nina" felte mykje skog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland ber skogeigarar melde inn stormskader til kommunane, då det er klårt at stormfelling tilsvarande eit halvt års hogst allereie er registrert hjå forsikringsselskapa. Fylkesmannen åtvarar og om at hogst av stormfelt skog er særs farleg.

Skogeigarane vert oppmoda om å kontakte kommunen for å melde inn skader og for rettleiing om oppryddingsarbeidet. Forutan tilskot til bygging av skogsvegar  og drift med taubane er det ikkje statstilskot til hogst av stormfelt skog. Eigarar som har forsikra skogen tek kontakt med forsikringsselskapet for synfaring og økonomisk oppgjer. Skogbrand Forsikringselskap Gjensidig har førebels fått inn 79 meldingar om skogskader. Flest skader er meldt i kommunane Bergen, Fusa, Stord, Tysnes og Kvinnherad. Forsikringsselskapet meiner tømmervolumet som er skadd kan vere 100 000 m3. Til samanlikning vart det i 2014 hogd 180 000 m3 skog i Hordaland. Naturskadefondet dekkjer ikkje skadane av stormfelt skog. Fylkesmannen oppmodar alle skogeigarar om å forsikre skogen mot skader. 

Stormfelt skog på Dyngeland i Fana etter stormen Nina 2015. Foto: Rune Mikkelsen
Stormfelt skog på Dyngeland i Fana etter stormen Nina 2015. Foto: Rune Mikkelsen