Historisk arkiv

Større satsing på bustader for unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ved å satse på bustadtilskot, etableringslån og kjøpslån vil vi gjere det lettare for dei som skal skaffe seg eigen bustad for første gong. Det er mange av dei som har problem på bustadmarknaden, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Pressemelding

Nr.: 142/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Større satsing på bustader for unge

- Ved å satse på bustadtilskot, etableringslån og kjøpslån vil vi gjere det lettare for dei som skal skaffe seg eigen bustad for første gong. Det er mange av dei som har problem på bustadmarknaden, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å heve ramma for bustadstilskotet med 62 millionar kroner, eller med 10 prosent, slik at ramma blir på 703 millionar kroner. Bustadstilskottet er saman med etableringslånet og kjøpslån det sentrale verkemiddelet for at det skal bli lettare for unge og vanskelegstilte å setje bu. Ordninga blir nytta både i samband med nybygging, kjøp av brukte bustader og til utleigebustader, dessutan til bustadtilbod for bustadlause og særleg vanskelegstilte.

Regjeringa vil auke låneramma til Husbanken med 2 milliardar kroner. Det tyder mellom anna at 16 000 husstandar kan få etableringslån neste år. Dette er 4 000 fleire enn i år og 8 000 fleire enn i 2000.

- Sjølv om bustadstilskotet er heva mykje i statsbudsjettet for i år, er det framleis behov for satsing. Ikkje minst i dei store byane er det stort etterspørselspress, og mange har problem med å skaffe seg eigen bustad, anten det er snakk om å eige eller leige, seier statsråd Brustad. - Regjeringa vil òg vurdere å slå saman etableringslån og kjøpslån til ei ny ordning. Ei slik ny ordning gjer det enklare både for lånesøkjarar og for kommunane.