Historisk arkiv

Større storby-bustøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Når vi styrkjer bustøtta i storbyane, er det fordi husleigene og bukostnadene har auka mykje meir i storbyane enn i resten av landet. Bustøtta er eit av dei viktigaste verkemidla for at folk med dårleg råd kan bu trygt, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Pressemelding

Nr.: 144/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Større storby-bustøtte

- Når vi styrkjer bustøtta i storbyane, er det fordi husleigene og bukostnadene har auka mykje meir i storbyane enn i resten av landet. Bustøtta er eit av dei viktigaste verkemidla for at folk med dårleg råd kan bu trygt, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Regjeringa vil følgje opp Brustads initiativ om ein solidarisk bustadpolitikk med å godta høgare buutgifter som grunnlag for bustøtte i storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Utgiftstaket for buutgifter blir heva med 5000 kroner året i desse byane, etter forslaget frå Regjeringa. For einslege i desse byane kan bukostnader opp til 60 000 kroner i året då godkjennast som grunnlag for bustøtte. Det kan heve den årlege bustøtta med opp til 3 500 kroner året for dei med høgast bukostnader.

Regjeringa foreslår òg at bustøtta blir utbetalt kvar månad i staden for tre gonger i året slik som i dag. Utbetaling kvar månad passar betre for mottakarane sine behov. Dessutan høver det betre med dei kommunale bustøtteordningane og sosialhjelp til dekning av bukostnader. I tillegg samsvarer støtte kvar månad betre med forfallsdatoar på lån og husleige.

Det er om lag 100 000 husstandar som får bustøtte i Noreg.