Historisk arkiv

Stort flaumsikringsanlegg ferdigstilt i Kvam i Gudbrandsdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Kjell-Børge Freiberg, deltar i dag på den offisielle opninga av eit stort flaumsikringsanlegg i Nord-Fron kommune, saman med ordførar i Nord-Fron kommune, Rune Støstad og direktør Per Sanderud i Norges vassdrags- og energidirektorat.

Tettstaden Kvam har vore utsett for skadeflaumar, seinast i 2011 og 2013 som følge av intensiv nedbør. Bygg, infrastruktur og eldre flaumvern vart påført store skadar, og mange bebuarar måtte raskt evakuerast.

-       Øydeleggande flaumar er ei stor belastning for eit lokalsamfunn, og klimaendringar gjer at utfordringane aukar. Regjeringa har difor auka løyvingane til flaum- og skredsikring. Eg er glad for at vi no har fått på plass heile flaumsikringsanlegget i Kvam, seier statssekretær Kjell-Børge Freiberg.

Statssekretær Kjell-Børge Freiberg (t.v.) med energi-og vassdragsdirektør Per Sanderud i Kvam (foto:Erik Due/NVE).

Statssekretær Kjell-Børge Freiberg (t.v.) med energi-og vassdragsdirektør Per Sanderud i Kvam (foto:Erik Due/NVE).

 F.v.: Petter Glorvigen, regionsjef i NVE, statssekretær Kjell-Børge Freiberg, og ordførar i Nord-Fron kommune, Rune Støstad (foto:OED).

F.v.: Petter Glorvigen, regionsjef i NVE, statssekretær Kjell-Børge Freiberg, og ordførar i Nord-Fron kommune, Rune Støstad (foto:OED).

Flaumsikringa i Kvam er gjennomført i to fasar. Første byggetrinn vart avslutta i oktober 2014. På grunn av stor massetransport ved flaum, var det nødvendig å utvide anlegget nedst i Veikledalen for å gi tilstrekkeleg tryggleik for sentrum. Anlegget er no ferdigstilt, og vil sikre om lag 160 bustader mot flaum, i tillegg til offentlege bygg, jernbane og anna infrastruktur. 

Flaumsikringsanlegget i Kvam. (foto:OED).

Flaumsikringsanlegget i Kvam. (foto:OED).