Historisk arkiv

Spørsmål nr. 208 til skriftleg besvarelse frå representanten Gjelsvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Om Finanstilsynets budsjett korrigert

Eg viser til brev av 4. november 2019 frå Stortingets president, vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik til skriftleg svar:

"Kor store ressursar/kor mykje pengar vil Finanstilsynet i 2020 bruka på a) faktisk tilsyn med finansielle føretak, b) regelverksutvikling, jf. utkast til offentlege høyringsprosessar på finansmarknadsområdet og c) deltaking i EUs finanstilsyn, korleis har fordelinga av ressursar/utgifter på dei nemnde områda utvikla seg år for år sidan 2013, og kva er tilsvarande absolutte og relative tal for dei svenske og danske finanstilsyna i same tidsperiode?"

Svar:
Finanstilsynets utgifter vert fullt ut dekte av føretaka som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Finansieringa av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Brukarbetalinga er ein funksjon av budsjetterte tilsynsutgifter same året. Finanstilsynet registrerar ressursbruk på tilsynsområde som grunnlag for den årlege utlikninga av tilsynsavgifta. Tabellen nedanfor syner tilsynet sitt utgiftsnivå for perioden 2013–2018 og budsjettert nivå for 2019, samt budsjettforslag for 2020 (tal i heile 1 000 kroner).

 

Utgiftspost

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Driftsutgifter post 01

 

331 914

 

337 833

 

329 952

 

338 402

 

343 496

 

365 601

 

394 400

 

419 900

Investeringar IT post 45

 

13 338

 

11 885

 

10 145

 

21 220

 

12 582

 

20 327

 

26 000

 

24 100

Mva (frå 2015 ført på kap. 1633)

 

 

 

 

10 900

 

 

13 127

 

 

13 581

 

 

16 233

 

 

15 000

 

 

19 000

Sum

345 252

349 718

350 998

372 749

369 658

402 161

435 400

463 000

Vekst i prosent frå året før

 

 

1,28 %

 

0,36 %

 

5,84 %

 

-0,84 %

 

8,08 %

 

7,63 %

 

5,96 %

Antall årsverk

275

263

263

271

282

290

 

 

 

Utgifter frå 2013 til 2018 er rekneskapsførte utgifter. Tal for 2019 og 2020 er høvesvis vedtatt budsjett og forslag til budsjett. Framstillinga er ikkje justert for pris- eller lønsjusteringar.

Finanstilsynets registrering av aktivitetar er ikkje inndelt etter kategoriane som representanten etterspør, og det er difor gjort tilpassingar i talgrunnlaget tilsvarande desse kategoriane. Aktivitetane som samsvarer mest med a–c i spørsmålet, er merkte med a, b og c i tabellen. Ei slik inndeling må tolkast med varsemd då kategoriane ikkje er gjensidig ekskluderande. Det er også slik at ein del av internasjonal regelverksutvikling og -overvaking er initiert utanfor EU-/EØS-systemet, t.d. FATF, og vidare slik at regelverksutvikling ville ha vore påkrevd i Noreg, uansett form for tilknyting til EU.

Tabellen syner aktivitetar for åra 2013 til 2016. Frå 2017 endra tilsynet metodikken for å registrere aktivitetar. Registrering av tidsbruk på aktiviteter vart avvikla i 2017. Føremålet var å effektivisere administrative oppgåver i Finanstilsynet. Registrering av tidsbruk vart frå 2017 konsentrert om å få eit korrekt grunnlag for utlikning av tilsynsavgifta. Statistikk på fordeling av tilsynsaktivitetar vart då vurdert som mindre relevant. Registrering på tilsynsaktiviteter vart innført frå og med 2019.

Samanstillinga syner at andelen for kvar kategori er relativt stabil mellom 2013 og 2016. Tal for kategoriane frå 2016 kan derfor gje ein indikasjon om fordelinga i 2017-2020.

 

Prosent per aktivitet

2013

2014

2015

2016

a) Stadleg og dokumentbasert tilsyn

28,5

30,4

29,3

31,6

b) Utvikling og forenkling av regelverk

10,4

7

8,2

10

c) Internasjonalt samarbeid

5,9

6,7

6

5,8

Makroøkonomisk overvaking

2,2

3

2,6

3

Forvaltning og handheving av lover og forskrifter

20,5

19,8

20,4

22,2

Informasjon og kommunikasjon

4,8

4,7

6

4,9

Administrasjon, leiing og org. utvikling

27,6

28,3

27,4

22,5

 

Det er innhenta informasjon frå Finansinspektionen i Sverige og Finanstilsynet i Danmark om deira ressursbruk. Det norske finanstilsynet har fleire tilsynsoppgåver enn same myndigheiter i Sverige og Danmark, og det er difor ikkje mogeleg å samanlikne direkte. Det svenske og danske finanstilsynet har mellom anna ikkje tilsyn med revisjonsføretak, rekneskapsførarar, eigedomsmeklarar og inkassoføretak, slik det norske finanstilsynet har. Finanstilsynet anslår at ressursbruken på desse tilsynsområda utgjorde om lag 30 årsverk av i alt 282 årsverk ved utgangen av 2018.

Danske myndigheiter opplyste til Finanstilsynet at dei ikkje har lik inndeling, og at dei endra registreringspraksis i 2018, slik at dei etterspurte tala ikkje er tilgjengelege. Dei opplyser at tala for 2018 kan leggjast til grunn for dei andre åra. Det danske tilsynet brukte i 2018 87,1 mill. danske kroner (24,8 pst) på generell administrasjon, 228,4 mill. danske kroner (64,9 pst.) på tilsyn, 29,2 mill. danske kroner (8,3 pst.) på regulering og om lag 7 mill. danske kroner (2 pst.) på informasjon. I 2018 vart det registrert 315 årsverk i danske Finanstilsynet.

Finanstilsynet har innhenta opplysningar frå svenske Finansinspektionen. Finansinspektionen har gjeve tal for 2018 og opplyst at tilsvarande nivå gjeld for perioden 2013–2020. Svenske myndigheiter brukte 61 pst. på tilsyn med finansielle føretak, 13 pst. på regelverksutvikling og 9 pst. på deltaking i EUs finanstilsyn. Resterande 17 pst. er ikkje utdypa. Samla rekneskapsførte utgifter i 2018 var 715,2 mill. svenske kroner. I 2018 var det registrert 473 årsverk i Finansinspektionen.

Med helsing

 

Siv Jensen