Historisk arkiv

Strandliv og båtliv kan kombineres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Styreleiar Haakon Langballe i A/S Killingen skriv i VG om Bygdøy Sjøbad. Han meiner regjeringa gjer det umogleg for folk å ha båt. Det er så gale som det kan få blitt, svarar fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein replikk.

Styreleiar Haakon Langballe i A/S Killingen skriv i VG (27/4) om Bygdøy Sjøbad. Han meiner regjeringa gjer det umogleg for folk å ha båt. Det er så gale som det kan få blitt.

Tilgjengelege friareal langs fjorden og kysten er i dag eit knapt gode. Difor er regjeringa oppteken av å opne strandsona for alle. Staten eig strandområdet Bygdøy Sjøbad, og sjølvsagt ynskjer vi å forvalte eigedommen til størst mogleg glede for folket. Eg er glad for at Langballe i sitt innlegg karakteriserer opprustinga av strandområda som prisverdig.

Allereie for to år sidan, altså før dagens regjering overtok, fekk Sjøsenteret Killingen AS melding om at avtalen mellom dei og staten ikkje kom til å bli forlenga når avtaleperioden gjekk ut 30. april 2007. Verken dagens eller den førre regjeringa har sagt opp nokon avtale. Det vi har gjort er  å la vere å forlenge avtalen når den gjekk ut. Det er vår rett som grunneigar, noko som òg kjem tydeleg fram i avtalen med Sjøsenteret Killingen AS.

Langballe prøver å gje inntrykk av at eg ynskjer båtfolket bort. Det er ikkje riktig. På staten sin eigedom på landsida er det i dag 100 båtplassar. Alle har fått tilbod om å behalde plassen. Vi tek ikkje bort ein einaste plass. Det er eigaren av Sjøsenteret Killingen AS som eventuelt vel å seie opp dei 400 andre plassane.

Vi har tvert imot lagt til rette for at dei 400 private plassane på Killingen skal halde fram. Staten tilbyr for eiga rekning  vidareføring av flytebrusamband, parkeringsplassar for bebuarar og næringsdrivande, og  tilgang for tyngre transport til djupvasskaia på bestemte tider av døgnet. Parkeringa skal vere open for båteigarar, badegjester og andre, men ein tek spesielt omsyn til båteigarane sine interesser. At Sjøsenteret Killingen AS likevel vel å seie opp båtplassane, er vi leie oss for, men dette er ikkje noko eg rår med.

Det er likevel vanskeleg å forstå kvifor senteret går til dette skrittet. Viss dei ikkje klarer  å drive lønnsamt  i ein marknad der båtplassar vert omsette for fleire hundre tusen kroner, burde det vere eit godt alternativ å la andre overta drifta av dei 400 båtplassane på Killingen. Ei slik løysing vil gagne båtfolket. Då vil ikkje ein einaste båtplass gå tapt, og det må trass alt vere det viktigaste for dei som har båtplass på Bygdøy. Eg vonar på ein fin sommar på Bygdøy for båtfolk og alle andre. Det bør det kunne verte viss Sjøsenteret Killingen AS legg litt godvilje i det, eventuelt ved at dei let andre ta over drifta av båtplassane på Killingen.