Historisk arkiv

Strandperle til besvær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Badeliv og båtliv må få gå hand i hand, og statens engasjement i Bygdø Sjøbad vil vere til glede for folk frå heile landet, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i VG 19. april 2007.

Ei strand skal gjenopnast i Oslo. Bygdøy Sjøbad rett ved øya Killingen, der folk boltra seg i gamle dagar, har i mange år vore lite eigna for bading.

Det gamle sjøbadet har mellom anna vore nytta til vinteropplag av båtar, noko området ber preg av. Strandområdet er forureina og forsøpla. Dette gjer Regjeringa noko med.

At regjeringa er oppteken av å opne strandsona for folket er inga nyheit. Men planane for Bygdøy Sjøbad har ført til reaksjonar. VG skriv om dette 9. april, der det blir formidla påstandar om at det er staten si skuld at 500 båtplassar blir lagt ned. Dette er direkte feil.

Staten eig strandområdet Bygdøy Sjøbad og sjølvsagt ynskjer vi å forvalte eigedommen til størst mogleg glede for folk flest. For to år sidan fekk difor Sjøsenteret Killingen AS melding om at avtalen mellom dei og staten ikkje kom til å bli forlengd når avtaleperioden går ut 1. mai 2007. Vi har altså ikkje sagt opp nokon avtale, vi har ikkje forlengd avtalen når den gjekk ut.

Privat eigar
I tillegg til at denne marinaen har nytta statens område til opplagsplass, disponerte dei 100 båtplassar på landsida og har framleis 400 plassar på Killingen. Dei 400 plassane på Killingen  har staten ingen ting med å gjere. Dei ligg på privat grunn, og den private eigaren har leigd ut plassen til Sjøsenteret Killingen AS. Når det gjeld dei 100 som har båtplass på landsida, får alle eit tilbod om ny plass same stad. Staten fjernar ikkje ein einaste båtplass. Vi har inngått avtale med KNS om at dei skal stå for drifta av disse 100 plassane. Dei som har plass i dag får fortrinnsrett, slik at alle kan behalde plassen sin.

Vi har òg lagt til rette for at dei 400 båtplassane på Killingen skal halde fram. For å sikre grunnlaget for båtplassane på øya Killingen, som er i privat eige, har staten tilbydd høve til fortsett flytebrusamband, eigne parkeringsplassar for bebuarar og næringsdrivande, og i tillegg tilgang for tyngre transport til djupvasskaia på bestemte tider av døgnet.

Nei til opplag
Parkering vil vere open for alle, men ein tek omsyn til båteigarane sine interesser gjennom mellom anna å tilby høve til langtidsparkering og helgeparkering. At Sjøsenteret Killingen AS likevel vel å seie opp båtplassane, kan vi berre seie oss leie for, men vi har ikkje herredømme over det.

Det er hevda at det ikkje lenger blir økonomisk lønsamt etter at staten har sagt opp festekontrakten for landsida. Særleg vanskeleg skal det vere at folk mistar moglegheiter for opplag og reservert parkering.

Vi seier nei til opplag på landsida fordi ferske analysar viser at verksemda på området har ført til forureining, og det går  ikkje i hop med badeliv. Staten skal no reinske opp i botnsedimenta og leggje på ny sand. Eg har ikkje noko problem med å sjå at den einskilde båteigar synest det er synd å misse ein vinterlagringsplass 10 minutt frå Oslo sentrum. Men det er dei same 10 minutta som gjer at dette området òg er svært attraktivt som offentleg friområde, ikkje berre for dei som bur i Oslo, men òg for tilreisande turistar. Når vi no skal ruste opp området og gjenskape Bygdøy Sjøbad, så kan vi ikkje risikere ny forureining frå pussing av båtar rett ved stranda. Her veg omsynet til miljøet og badestrender tyngre enn den ulempa det er for den einskilde å måtte finne annan vinterlagringsplass for båten sin neste år.

For låg forteneste
Eg stussar når det vert hevda at slike faktorar er avgjerande for økonomisk drift. Dersom eigarane av Sjøsenteret Killingen AS skulle finne at fortenesta blir for låg etter at dei ikkje lenger sjølve får drive dei 100 båtplassane på landsida, ”berre” dei 400 på Killingen, burde det vere eit enkelt alternativ å la andre overta. Dermed ville ikkje ein einaste båtplass gå tapt og innehavarane kan få dekt inn eventuelle festeutgifter i staden for å la området liggje brakk. Det er vanskeleg å tru at det skal vere mangel på kandidatar, når vi kan registrere ein enorm etterspørsel etter båtplassar. Du finn mange stader med langt dårlegare fasilitetar enn Killingen. Når eigaren av Sjøsenteret Killingen AS vel å seie opp plassane for desse 400 så er det uforståeleg for oss, men det er hans val – ikkje vårt.

15 millionar
Etter forslag frå Regjeringa har Stortinget gitt tilslutning til å bruke 15 millionar kroner til å ruste opp Bygdøy Sjøbad i 2007. Arbeidet med å mudre og leggje på sand er allereie ute på anbod. Vi gler oss til å gjenskape strandperla området ein gong var, og trur både Oslos befolkning og tilreisande vil få stor nytte av stranda. Vi ynskjer at badeliv og båtliv skal gå hand i hand. Difor trur eg at dei 100 som får båtplass på ei brygge lagt ut frå statens eigedom blir nøgde. Så håpar eg at dei 400 som leiger plass på eit privat område òg får behalde båtplassen sin, men den avgjerda må andre ta.

Bygdøy sjøbad i gamle dager