Straumstøtte til Merkur-butikkar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det er semje på Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels, rammestyrt straumstøtte for å hjelpe små distriktsbutikkar som slit med høge straumprisar. No blir forslag til regelverk for ordninga sendt ut på høyring. Målet er å få pengane ut til butikkane før jul.

Mange små daglegvarebutikkar i distrikta har opplevd ei formidabel auke i straumrekningane denne hausten. Det er ein reell fare for at fleire må legge ned drifta viss dei ikkje får hjelp. Eg er difor glad for at det er semje i Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til denne ordninga, og vi jobbar iherdig for at pengane skal nå ut til butikkane før jul, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). 

Viktig for lokalsamfunna

Merkur-programmet er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel, retta inn mot daglegvarebutikkar i mindre lokalsamfunn. Butikkane i ordninga har ei viktig rolle i sine lokalsamfunn, ofte som einaste tenesteleverandør og sosial møtestad. Tilskota skal bidra til at innbyggjarane i distrikta er sikra tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken. Den nye straumstøtteordninga, som no blir sendt på ei kort høyring, gjeld alle registrerte Merkur-butikkar, som over lengre tid har hatt høge straumprisar i 2022 (over 70 øre pr kwh).

Meir om forslaget

Forslaget inneber at butikkane får kompensasjon for sine straumkostnader (eks nettleige), når prisen er over 70 øre per kWh. Butikkane kan berre få dekka straumutgifter i perioden september til desember 2022. Butikkane vil kunne få dekka 80% av kostnadane over 70 øre per kWh.

– Nærbutikken er viktig for mange små lokalsamfunn – og dette er tenester vi vil oppretthalde. Eg håpar denne straumstøtta kan verte til god hjelp for butikkar som treng ei handsrekning no. Det er derfor viktig at dei som har innspel til ordninga kjem med innspel raskt, seier Gjelsvik.

For meir informasjon, sjå www.merkur-programmet.no