Strengare straff for ulovleg opphald

Regjeringa foreslår å heve strafferamma for ulovleg opphald for utlendingar utvist på grunn av alvorlege straffbare handlingar. Dette er eit av forslaga til endring i utlendingslova.

– Det er eit problem at utlendingar som utgjer ein alvorleg kriminalitetstrussel, oppheld seg ulovleg i Noreg. Vi vil derfor heve strafferamma frå seks månader til inntil to års fengsel, seier justis- og beredskapsminister, Monica Mæland (H). 

Etter dagens regelverk er strafferamma for ulovleg opphald inntil seks månaders fengsel. Forslaget er å heve strafferamma til inntil to års fengsel for ulovleg opphald etter at ein utlending har blitt utvist som følgje av ilagt fengselsstraff.

-– Ulovleg opphald er skadeleg for innvandringskontrollen og for tilliten til systemet. Ein del personar med ulovleg opphald begår ny kriminalitet eller arbeider svart medan dei er her, og i nokre tilfelle er det svært krevjande å få til tvangsretur. Strengare straffer for ulovleg opphald vil kunne føre til at fleire respekterer utvisingsvedtaket, seier Mæland. 

Føremålet med lovforslaget er å heve strafferamma til eit nivå som fører til at fleire etterlever plikta til å forlate Noreg. Det vil spare samfunnet for store kostnader med ulovleg opphald og kriminalitet knytt til dette. Straffskjerpinga vil ikkje gjelde utlendingar som er utviste på grunn av brot på utlendingslova eller på grunn av bøtestraff.

Prop. 60 L (2020–2021) Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)