Studenter restaurerer freda bygg i Sikkilsdalen

Landbruks- og matdepartementet, Oppland fylkeskommune og NTNU har starta eit utdanningsprosjekt der studentar i bygningsvern og tradisjonshandtverk får restaurere freda bygg i Sikkilsdalen.

Sikkilsdalseter.
Sikkilsdalseter. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Det trengs kompetanseutvikling på restaurering av freda bygningar, og det er naudsynt å utdanne kvalifisert arbeidskraft. Landbruks- og matdepartementet har nyleg inngått ei samarbeidsavtale med Oppland fylkeskommune om å bruke fleire av bygningane på Sikkilsdalsseter som læringsarena for studentar i bygningsvern og tradisjonshandtverk. 16 studentar får i 2016 og 2017 trene på lafting, restaurering av dører og vindauge, bruk av gamle målingsteknikkar og planlegging av restaurering. Fullstendig restaurering av to gamle bygg skal inngå i prosjektet, men det skal også utførast fleire mindre oppdrag på andre bygg på tunet.

Villa Dilla.
Villa Dilla. Foto: Landbruks- og matdepartementet

NTNU er ansvarleg for det faglege innhaldet i prosjektet. Ole Morten Lagmannssveen i Forsvarsbygg har vore initativtaker og kulturminnefagleg rådgjevar for departementet og Tore Røbergshagen i Oppland fylkeskommune har koordinert innsatsen. 

Gamal gjeierhytte.
Gamal gjeierhytte. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Oppland Fylkeskommune har gjennom fleire år lagt til rette for etter- og vidareutdanning i bygningsvern og tradisjonshandverk på høgskulenivå i eige fylke. Satsinga har vore særs vellykka og medverka til å bygge opp ei sterk og kompetent næring innan antikvarisk restaurering i Oppland. Vi ynskjer å halde fram med dette utdanningstilbodet og treng gode praksisarenaer, slik som Sikkilsdalsseter, uttaler fylkeskonservator Kjell Marius Mathisen.  

Om Sikkilsdalsseter

Landbruks- og matdepartementet eig Sikkilsdalsseter i Nord-Fron kommune i Oppland. Staden har lange tradisjonar som hesteavlseter med det årlege hestesleppet i juni i sentrum. Mange av bygningane på Sikkilsdalsseter er også freda og representerer ein viktig epoke i norsk landbrukshistorie. Dei freda bygningane er bygd etter flott norsk tradisjonshandtverk i perioden omkring 1800-1955, og er i dag viktige kulturminne i bruk.