Historisk arkiv

Styrka akvakulturlov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Havbruksnæringa har gode framtidsutsikter for verdiskaping og arbeidsplassar langs med kysten. Lovverket må vere tilpassa morgondagens næring. Difor foreslår regjeringa endringar i akvakulturlova, som styrkjer verkemidla i lova og på sikt bidreg til ei meir miljøvennleg havbruksnæring, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

- Havbruksnæringa har gode framtidsutsikter for verdiskaping og arbeidsplassar langs med kysten. Lovverket må vere tilpassa morgondagens næring. Difor foreslår regjeringa endringar i akvakulturlova, som styrkjer verkemidla i lova og på sikt bidreg til ei meir miljøvennleg havbruksnæring, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Regjeringa foreslår å endre akvakulturlova på ei rekkje område:

  • Det blir opna for å krevje obligatorisk merking av oppdrettsfisk.
  • Det blir opna for ei ordning der havbruksnæringa dekkjer kostnadene for utfisking av rømt oppdrettsfisk i prioriterte vassdrag.
  • Det kan krevjast inn avgift for styresmaktene si miljøovervaking.
  • Det blir innført klarare og til dels strengare sanksjonsreglar.
  • Fiskeridirektoratet skal lettare kunne utveksle opplysningar med andre styresmakter som fører tilsyn med akvakulturnæringa.

- I sum skal desse forslaga, saman med tiltak vi foreslår i sjømatmeldinga, vere med å leggje til rette for vidare vekst innanfor miljømessig berekraftige rammer og gjere rettstryggleiken til havbruksnæringa betre, seier Berg-Hansen.

 

Les Prop. 103 L (2012–2013) Endringer i akvakulturloven