Historisk arkiv

Styrkar arbeidet med å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2012

Regjeringa foreslår ei ekstra løyving på 35,5 millionar kroner til nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Det betyr at dei planlagde behandlingane av Vefsnregionen og Lærdalsregionen i 2012 no er sikra.

Regjeringa foreslår ei ekstra løyving på 35,5 millionar kroner til nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.  Det betyr at dei planlagde behandlingane av Vefsnregionen og Lærdalsregionen i 2012 no er sikra.

– Målet er at desse viktige lakseelvene skal verte friskmeldte om nokre år, slik at dei på nytt kan vere ei kjelde til rekreasjon, friluftsliv og verdiskaping, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Behandlinga av elver og innsjøar i Vefsnregionen er eit stort løft og ein helt ny fagleg utfordring. Det har derfor vore vanskeleg å anslå utgiftene presist, og meir detaljert planlegging har vist at behandlinga vert betydeleg dyrare enn det ein først la til grunn. Elvene må alltid behandlast to gangar, og første gangs behandling vart gjennomført i fjor. I år står både elvene og vatna for tur.

I Lærdal vert det forsøkt ein ny behandlingsmetode med surt aluminium. Også her har kostnadene vist seg å vere større enn opphavleg berekna. Elva vart behandla i fjor, og andre gangs behandling finn stad i år.

Den ekstra løyvinga gjer det også mogeleg å ta vare på fisk og andre dyr frå vassdrag og vatn som vert behandla. Desse må takast vare på i eigne anlegg for seinare å kunne setjast ut att i vassdraga.