Styrkar arbeidet med deling av industridata

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

-Datadeling i privat sektor er viktig for å få til auka verdiskaping og grøn omstilling. Derfor inngår vi nå eit utvida samarbeid med Digital Norway som skal arbeide tett med næringslivet for meir deling av industridata, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Statsråden og Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway
Statsråden og Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway

Kommunal- og distriktsdepartementet har inngått ein ny samarbeidsavtale med Digital Norway (Toppindustrisenteret). Avtalen går mellom anna ut på å følgje opp arbeidet frå ei ekspertgruppe som kom med konkrete tilrådingar knytt til datadeling mellom næringslivaktører i Noreg.

Rapporten frå ekspertgruppa gir mellom anna råd om korleis bedrifter kan nytte data for å styrke kjerneverksemda si og kva for praksis som fremjer eller hindrer deling av data.

-Regjeringa er opptatt av å utnytte moglegheitene i datadeling. For å få ytterlegare fart på arbeidet er det viktig å samarbeide tett med verksemdene. Her vil Digital Norway bidra godt med eit breitt nettverk mot dei store industrilokomotiva, små og mellomstore verksemder og oppstartsmiljø, seier Gjelsvik.

Ekspertgruppa peikte mellom anna på usikkerheit rundt kven som har rettar til data, fridom til å sette grenser for bruk og ansvar ved feil i data eller ansvar for ulovleg bruk. Utfordringar knytt til ulike teknologiar og løysingar for datadeling eller manglande kompetanse i verksemdene gjer også at det kan vere krevjande for selskapa å dele data, internt eller med kvarandre. 

-  For at vi skal kunne utnytte innovasjonspotensialet knytt til data fullt ut, må vi òg dele data med kvarandre. Her er det nokre hovudutfordringar vi må samarbeide om å handtere. Derfor er eg glad for at regjeringa prioriterer å følgje opp anbefalingane og tiltaka frå industridatarapporten. Digital Norway står klar til å bidra, seier Liv Dingsør, dagleg leiar for Digital Norway.

Ho meiner næringslivet og industrien må vere premissgivarar for klok utnytting av teknologi og innsikt, og at vi må bli flinkare til å dele erfaringar løpande på tvers av bransjar.

- Vi vil derfor mellom anna utvikle ei nettbasert løysing for å dele eksempel frå datadeling i praksis og presentere og vidareutvikle retningslinjer for deling av data, seier Dingsør.

Meir om oppdraget til Digital Norway:

Digital Norway har fått i oppgåve å følgje opp rapporten Deling av industridata og sette arbeidet med deling av industridata på agendaen. Gjennom ein strategisk samarbeidsavtale med Kommunal- og distriktsdepartementet vil Digital Norway jobbe konkret med tilgjengelegging og formidling av kompetanse og scenario for deling av industridata. Målet er å styrke deling og bruk av industridata, basert på behova til norske verksemder - særleg små og mellomstore - i ulike bransjar og sektorar. Digital Norway skal også utøve ei pådrivarrolle overfor aktuelle bransjeorganisasjonar og/eller verksemder med tanke på å bidra til auka deling av industridata for verdiskaping og innovasjon.

Om Digital Norway:

Digital Norway er ein non-profit organisasjon som jobbar for å få fart på digitaliseringa av norsk næringsliv. Om Digital Norway