Styrkar kvaliteten i fagskulane med 54,5 millionar kroner

I haust har regjeringa gitt pengar til 1 600 nye studieplassar til fagskular over heile landet. No kan fagskulane søkje om midlar for å sikre og bygje vidare på kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning.

– Fagskuleutdanninga er ein viktig del av utdanningssystemet vårt og for mange ein viktig arena for vidareutdanning. For å gje enda fleire mogelegheit til å ta utdanning under koronakrisa har talet på studieplassar ved fagskulane gått markant opp i år. Samtidig som vi aukar kapasiteten lyser vi nå også ut pengar for å styrke kvaliteten, seier forskings- og høgare  utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Kvalitet og ekstra utstyr
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) lyser no ut inntil 54,5 millionar kroner til kvalitetsutvikling. Fleire studentar frå 2020 gjer at det trengs meir utstyr til undervisninga. Av midlane er det satt av ein egen  pott på 10 millionar kroner til ekstra utstyr ved fagskulane.

– Pengane skal bidra til å gjere eksisterande og nye utdanningstilbod i fagskulane enda betre og meir relevant, seier Asheim.

Regjeringa foreslår å fortsette satsinga på fagskulane i neste års budsjett. Der er det satt av pengar til vidareføring og opptrapping av midla  til 1 600 studieplassar i tillegg til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskulen.

–  Utdanningsløftet gjer ein kraftig auke i studentar i fagskulane Vi ser kvalitetsutvikling i fagskulesektoren i samanheng med vårt mandat for kvalitetsutvikling i høgare utdanning, spesielt når det gjeld digitalisering og livslang læring, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Utviklingsmidla for 2021 tildelast prosjekter som bidrar til følgande: 

  • Utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv
  • Digital kompetanseheving for ansatte for å møte behova for omstilling i arbeidslivet
  • Bruk av digital teknologi for læring
  • Eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur

    Les meir om utlysinga her