Revidert nasjonalbudsjett

Styrkar pasient- og brukaromboda

Regjeringa styrkar budsjettet til pasient- og brukaromboda i revidert nasjonalbudsjett. Dermed kan tilboda til pasientar og brukarar over heile landet bli opprettheldt.

Dei siste åra har pasient- og brukaromboda hatt ein krevjande økonomisk situasjon. Det har ført til at det har blitt vanskeleg å oppretthalde eit tilbod – særleg på stader der naudsynt reiseverksemd er spesielt ressurskrevjande.

Tre millionar kroner

– Regjeringa er opptatt av at pasientar og brukarar i heile landet skal få tilgang til eit lokalt pasient- og brukarombod. Regjeringa tar derfor grep og styrkar ordninga med tre millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Dei 15 lokale pasient- og brukaromboda rundt i landet tar vare på pasientar og brukarar sine behov, interesser og rettssikkerheit overfor helse- og omsorgstenesta.

– Med regjeringa sitt forslag om å styrke omboda, kan dette viktige tilbodet oppretthaldast i heile landet, seier Kjerkol.