Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Styrkar samtale- og støttetilbod for foreldre og barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 12,8 millionar kroner for å styrke ulike samtale- og støttetilbod til barn, unge og familiar under koronakrisen.

– Det eg er mest uroa for under koronakrisen, er dei barna og ungdommane som av ulike årsaker er ekstra sårbare no. Dei inngripande smitteverntiltaka kan ha store konsekvensar for dei sårbare barna, som er særleg utsette når fellesskapets arenaer stopper opp. Mange av dei som hadde det vanskeleg fra før, har fått det verre under krisa, sier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Samtaletilbod for barn og unge

Regjeringa foreslår å styrke Røde Kors sitt samtaletilbod Kors på halsen med 7 millionar kroner, og Alarmtelefonen for barn og unge med 4 millionar kroner.

– For barn som har det utrygt heime, er det viktig å kunne ta kontakt med ein trygg vaksen på ein enkel måte. Det skal vere hjelp å få. Mange av samtaletilboda melder om auka pågang og større behov, seier Ropstad.

I samband med koronaepidemien har Alarmtelefonen for barn og unge utvida opningstida og oppretta ein døgnopen chatte-funksjon. Talet på barn og unge som har tatt kontakt er meir enn dobla. Det viser at utvidinga av tilbodet er eit viktig tiltak for sårbare barn og unge. Dei ekstra midlane som regjeringa foreslår, gjer det muleg å oppretthalde det døgnåpne chatte-tilbudet og den utvida opningstida for telefonen ut året.

Kors på halsen er eit samtaletilbod for alle opp til 18 år. Her kan ein ringe, maile eller chatte for å ta opp ulike ting ein er opptatt av eller er uroa for. Dei foreslåtte løyvingane gjer det muleg å utvide kapasiteten på tenesten.

Tilbod for familiar

Koronakrisen påvirkar også familiar. I denne situasjonen er det ekstra viktig at foreldre har tilbod der dei får råd og rettleiing, dersom dei har behov for det.

Regjeringa foreslår derfor 1,8 millioner kroner til Foreldresupport og til informasjonsvideoar for framandspråklege foreldre. Foreldresupport er ein døgnåpen telefon- og chatteteneste. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Stine Sofies Stiftelse og Mental Helse Hjelpetelefon.