Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Styrkar satsinga på grøn næringstransport

Regjeringa foreslår ein auke på 50 millionar kroner til satsing på nullutsleppteknologi i næringstransport. Med denne auken blir det sett av over ein halv milliard kroner til satsinga i 2019.

- Vi har lyktes svært godt med elbilsatsinga i Noreg, over halvparten av nye bilar er no el-biler. No er neste oppgåve å oppnå den same gode utviklinga for næringstransporten. For å få fart på bruken av teknologi for nullutslepp i tyngre køyretøy og fartøy, opprettar vi no ein ny, enkel ordning gjennom Enova. Samstundes aukar vi løyvinga i revidert nasjonalbudsjett, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Satsinga gjennom Enova vil bidra til at næringslivet investerer i klimavennlege køyretøy og fartøy, til dømes på batteri eller hydrogen. Ordninga vil bli ubyråkratisk og mest mogleg automatisert. Føremålet er å gjera det meir attraktivt for næringslivet å etterspørre og ta i bruk nullutsleppløysingar når dei no blir tilgjengelege på stadig nye område.

- Dette vil vera ei attraktiv ordning, og eg trur dette vil føra til reinare tungtrafikk på norske vegar, og reinare skip. Dette er heilt naudsynt for at vi skal kunna nå ambisjonen til regjeringa om å halvera utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Dette inneber òg at innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 prosent av nye langdistansebusser og 50 prosent av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy.

Enova er eit statsføretak som skal bidra til reduserte klimagassutslepp. Det skal òg sørga for forsyningssikkerheit for energi. Dessutan skal Enova bidra til teknologiutvikling som på lengre sikt skal bidra til reduserte klimagassutslepp.

Til toppen