Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Styrker satsing på bioøkonomi med ny handlingsplan

Noreg ligg i toppsjiktet i Europa innan produktivitet og verdiskaping når det gjeld bioøkonomi. I dag blir ein ny handlingsplan lansert. Den skal bidra til ein meir koordinert og styrka satsing på området.

Det er fortsatt et stykke igjen til et ferdig gjødselprodukt som kombinerer organisk gjødsel og biokull i ett og samme produkt.
I dag blir ein ny handlingsplan lansert. Den skal bidra til ein meir koordinert og styrka satsing på området. Foto: Anette Tjomsland/NIBIO.

– Handlingsplanen vil medverke til ein meir effektiv og koordinert bruk av relevante verkemiddel for utvikling av bioøkonomien, og til å gjere verkemiddelapparatet enklare og meir treffsikkert for brukarane i næringslivet. Det at Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA no går saman om ein felles handlingsplan, er ein viktig oppfylging av regjeringa sin bioøkonomistrategi, seier næringsminister Iselin Nybø.

Handlingsplanen for bioøkonomi gjev ei oversikt over tilbod og tiltak for å utvikle det biobaserte næringslivet. Den peiker og ut ei felles retning for korleis vi kan utvikle norsk bioøkonomi vidare. Handlingsplanen er ei oppfylging av bioøkonomistrategien frå 2016. Det er Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA som har utarbeidt handlingsplanen. 

– Landbruket må, i samarbeid med fiskeri- og havbruksnæringa, bli endå betre på å utnytte våre mange biologiske ressursar og medverke til reduserte klimautslepp og auka karbonopptak. Vi må utvikle det biobaserte næringslivet i Noreg. Det er viktig for både arbeidsplassar og verdiskaping, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Noreg har ein unik tilgang til marine ressursar og høg kompetanse. Eg håpar handlingsplanen blir eit godt reiskap for å utvikle ny næringsverksemd gjennom auka samspel på tvers av sektorar og fagområde, seier fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen.

Ny rapport om bioøkonomi

Ein fersk rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon (NIFU) viser at verdiskapinga i biobasert næringsliv har auka frå rundt 80 milliardar til rundt 130 milliardar sidan 2008. Talet på sysselsette har gått noko ned frå litt over 142 000 til rundt 130 000 i same periode. Rapporten peikar likevel på at bioøkonomien er viktig for å sikre arbeidsplassar i distrikta. Det er spesielt havnæringa som trekkjer opp produktiviteten og verdiskaping innan bioøkonomien i Noreg.

Fakta om bioøkonomi:

  • Bioøkonomi omfattar verdiskaping og arbeidsplassar som er knytt til ressursar frå hav, skog og landbruk, og er viktig i omstillinga til eit samfunn som er mindre avhengig av fossile og andre ikkje-fornybare materialar. 
  • Norsk biobasert næringsliv har ein verdiskaping på rundt 130 milliardar og sysselsett rundt 130 000 personar
Til toppen