Historisk arkiv

Styrker satsinga på CO2-handtering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsbudsjettet 2016

I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å løyve 255 millionar kroner til satsing på ny teknologi for CO2-handtering. 230 millionar kroner vil gå til forskingsprogrammet CLIMIT og 25 millionar kroner til Teknologisenter Mongstad (TCM). Dette inneber ei total styrking på 30 millionar kroner frå 2015. Samtidig blir det foreslått å løyve 80 millionar kroner til vidare studier av moglegheiter for eit fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg.

- CO2-handtering er eit viktig klimatiltak. Regjeringa har ein ambisjon om å få på plass minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst og -lagring innen 2020. Dette er ein krevjande ambisjon. Skal vi lykkast er vi avhengig av å få fram gode prosjekt. Det legg vi no til rette for. Vi må også støtte industri- og forskingsaktørane i arbeidet med å vidareutvikle teknologien. Difor styrker vi satsinga på CO2-handtering i årets budsjett, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Regjeringa la fram sin strategi for CO2-handtering i fjor. Tiltaka omfattar eit breidt spekter av tiltak og virkemiddel, frå forsking og demonstrasjon til arbeidet med å realisere eitt fullskalaanlegg. Regjeringa foreslår å styrke demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet i 2016-budsjettet. Målet er at den auka løyvinga kan utløyse fleire og større demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering.

Moglegheitsstudiene av fullskala CO2-håndtering i Norge skal gje eit meir detaljert bilete av kostnader, risiko og nytte av dei CO2-handteringsprosjekta som vart identifisert i Gassnovas idéstudie frå mai 2015. Norcem, Yara og Energigjenvinningsetaten i Oslo er interesserte i å gjennomføre moglegheitsstudier av fullskala CO2-fangst på sine anlegg. Resultata frå moglegheitsstudiene vil bli ferdigstilt til sommaren.