Statsbudsjettet 2016:

Styrker vedlikehaldsarbeidet ved statlege eigedomar

Regjeringa gjer no framlegg om å løyve totalt 4 milliardar kroner i ei særskild tiltakspakke for auka sysselsetjing. Som ledd i tiltakspakka foreslår regjeringa ei løyving på 200 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald i statlege eigedomar.

Tiltaka vil auke aktiviteten i bygge- og anleggsmarknaden og gi auka sysselsetjing av entreprenørar og handverkarar i store delar av landet. I tillegg vil viktige bygg, blant anna i kriminalomsorgen og utdanningssektoren, bli rusta opp.

Regjeringa er oppteken av å sikre verdibevarande vedlikehald av statlege eigedomar. Vedlikehaldsarbeidet har allereie blitt styrka over statsbudsjettet for 2015.

- Oljebransjen er inne i ei krevjande tid, med fallande oljepris og auka arbeidsløyse. Det er viktig for Regjeringa å gjere det vi kan for dei som er råka. Samstundes kan vi setje i verk naudsynt vedlikehaldsarbeid som på sikt vil spare staten for pengar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Desse prosjekta inngår i tiltakspakka:

  • Bergenhus festning: 15 millionar kroner til rehabilitering av Rosenkrantztårnet
  • Bergen fengsel: 25 millionar kroner til rehabilitering
  • Gamlehaugen i Bergen: 10 millionar kroner til rehabilitering av fasadar
  • Høgskulen i Volda: 15 millionar kroner til oppgradering til moderne undervisningsstandard
  • Justisbygget i Kristiansand: 10 millionar kroner til utbetring av fasade
  • Munkholmen i Trondheim: 5 millionar kroner til  generelt vedlikehald
  • Nasjonalt folkehelseinstitutt: 10 millionar kroner til nødvendige reparasjonar og oppgradering
  • Oslo, Ila, Ullersmo og Trondheim fengsel: 70 millionar kroner til generelt vedlikehald
  • Politihøgskolen i Oslo: 5 millionar kroner til fasadearbeid
  • Svalbard: 10 millionar kroner til vedlikehald og oppgradering av statens bustadar
  • Åna fengsel: 25 millionar kroner til rehabilitering

I tillegg gjer regjeringa framlegg om å løyve 40 millionar kroner til oppstart av rehabilitering av midt- og nordfløya (fase 2) ved Universitetsmuseet i Bergen i 2016. Prosjektet er forventa ferdig andre halvår 2019, og det foreslås ei kostnadsramme på 394 millionar kroner for prosjektet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00