Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Styrking av norsk utviklingshjelp innan dyrehelse og trygg mat

Veterinærinstituttet og Norad har inngått ein rammeavtale om kunnskapssamarbeid for å styrke norsk utviklingshjelp innan dyrehelse, fiskehelse og trygg mat.

– Veterinærinstituttet har stor kompetanse og røynsle som vil kunne bidra i arbeidet med betre dyrehelse, fiskehelse og trygg mat, også utanfor Noregs grenser. Veterinærinstituttet er derfor ein sentral aktør i gjennomføringa av regjeringa sin handlingsplan for berekraftige matsystem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Den norske regjeringa presenterte i fjor sin handlingsplan for berekraftige matsystem. Planen gir retning for Norads arbeid med Kunnskapsbanken på område der Veterinærinstituttet har god vitskapeleg kompetanse og lang tradisjon for nasjonalt og internasjonalt samarbeid. 

Representantar frå Veterinærinstituttet og Landbruks- og matdepartementet besøkte Malawi i januar.
Representantar frå Veterinærinstituttet og Landbruks- og matdepartementet besøkte Malawi i januar. Foto: Landbruks- og matdepartementet
FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
FN sine berekraftsmål 
FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtatt av Høynivåforumet for berekraftig utvikling som vart arrangert under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei fyrste landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nummer 2: Utrydje sult, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje eit berekraftig landbruk.