Revidert nasjonalbudsjett

Styrking av Norwegian Energy Partners

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa styrkjer arbeidet med eksport frå energinæringane og foreslår å auke løyvinga til Norwegian Energy Partners (NORWEP) med fem millionar kroner.

— Energinæringane våre har verdsleiande teknologi og kompetanse som er overførbar til andre sektorar. Vi er difor godt rusta til å skape nye, grønne arbeidsplassar og auka verdiskaping i Noreg. NORWEP er ein viktig aktør for å utnytte dei store eksportmoglegheitene, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Energinæringane er blant dei største norske eksportørane av varer og tenester, sjølv om salet av olje, gass og kraft blir halde utanfor. Vi har ein betydeleg leverandørindustri knytta til olje og gass, men også i aukande grad innanfor fornybar energi, der havvind er i sterk vekst.

NORWEP er det viktigaste og einaste spesialiserte verkemiddelet for internasjonalisering av dei norske energinæringane. NORWEP er også ein viktig aktør for å auke innsatsen knytta til nye, grønne energinæringar som havvind, hydrogen og CO2-fangst og -lagring.

Den auka løyvinga til NORWEP blir foreslått i samband med at regjeringa legg fram revidert nasjonalbudsjett for 2022.