Historisk arkiv

Styrkjer arbeidet med likestilling mellom kjønn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa føreslår 11,9 millionar kroner til ein ny landsdekkjande statleg struktur for likestilling. Samstundes blir trepartssamarbeid for likestilling og innsatsen mot seksuell trakassering styrkt med til saman 14 millionar kroner.

Regjeringa føreslår 11,9 millionar kroner til ein ny landsdekkjande statleg struktur for likestilling. Samstundes blir trepartssamarbeid for likestilling og innsatsen mot seksuell trakassering styrkt med til saman 14 millionar kroner.

Ny landsdekkjande statleg struktur for likestilling

- Sjølv om Noreg stadig blir kåra til eit av verdas mest likestilte land, er ikkje likestillinga i mål. Likestillingsutfordringar må finne ei løysing der folk bur og arbeider. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen, og legg til:

- Difor ynskjer regjeringa å opprette fire regionale kompetansemiljø organisert under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som skal rettleie og motivere til likestillingsarbeid i kommunar, fylkeskommunar og i private verksemder. Departementet føreslår å auke løyvinga til regionalt likestillingsapparat med 11,9 millionar kroner.  

Likestilling i arbeidslivet

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil styrkje trepartssamarbeidet  for å gi større kraft i arbeidet med likestilling. Regjeringen føreslår 10 millionar kroner til lokalt utviklingsarbeid i offentlege og private verksemder. Utviklingsprosjekta vil mellom anna kunne omfatte rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmogelegheiter og vern mot trakassering. Utviklingsarbeidet skal forankrast i eit trepartssamarbeid mellom Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og partane i arbeidslivet.

 Auka innsats mot seksuell trakassering 

Regjeringa ønskjer meir målretta og systematisk arbeid mot seksuell trakassering blant ungdom. Det blir føreslått å etablere ei nasjonal rettleiingsteneste og utvikle eit landsdekkjande program mot seksuell trakassering med ei samla løyving på 4 millionar kroner.

Løyvingane er ei oppfølging av tiltaka i stortingsmeldinga "Likestilling kommer ikke av seg selv", som blei lagt fram 21. juni i år.