Historisk arkiv

Styrkjer integreringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa styrkjer integreringsarbeidet også neste år. Integreringstilskotet til kommunane er auka med 250 millionar kroner i regjeringas budsjettforslag for 2014.

Regjeringa styrkjer integreringsarbeidet også neste år. Integreringstilskotet til kommunane er auka med 250 millionar kroner i regjeringas budsjettforslag for 2014.

Regjeringa har i 2014 prioritert midlar til å betre kommunanes økonomiske rammevilkår ved busetjing av flyktningar. Det sit no 4 500 flyktningar i mottak, det er fleire enn nokon gong sidan 2006. Integreringstilskotet skal gi kommunane ein rimeleg kostnadsdekning for busetjing av flyktningar, og bidrar til at kommunane kan gi gode introduksjonsprogram.

- Det er viktig at menneske som har flykta til Noreg og som skal bu her, kan starte liva sine i ein kommune. Kommunane har eit stort ansvar for å busetje, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

Særleg innsats for kvinner

Jobbsjansen er eit lågterskeltilbod for dei som står langt utanfor arbeidslivet – særleg retta mot kvinner. Tilbodet har gitt gode resultat, og det er sett av 87 millionar kroner i 2014.

- Kommunane har fått meir ressursar til å gi betre norskopplæring, og Jobbsjansen har blitt ei permanent ordning. Det er viktig å bruke innvandrarar sine ressursar – ikkje minst er det viktig å leggje til rette for at kvinner med innvandrarbakgrunn kan ut i jobb, seier Thorkildsen.

Regjeringa har styrka arbeidet mot tvangsekteskap. Handlingsplan mot tvangsekteskap som blei lagt fram i 2008, inneheldt tiltak på til saman 70 millionar kroner. Handlingsplanen har blitt vidareført sidan, og er i 2013 utvida med fleire tiltak. Tiltak mot tvangsekteskap er ein viktig del av regjeringas arbeid mot vald i nære relasjonar. Arbeidet blir vidareført i 2014.

Gratis tid i barnehagar og aktivitetsskole
I statsbudsjettet for 2014 har regjeringa føreslått å setje av nesten 70 millionar kroner til gratis kjernetid i barnehagar i Oslo, Bergen og Drammen.

- Alle barn og unge i Noreg skal ha gode oppvekstvilkår og like mogelegheiter. Å skape like mogelegheiter krev særskilt innsats, seier Thorkildsen.

Tiltaket er ein del av regjeringa sin innsats for å betre levekåra i særleg utsette område. Det har bidrege til at barn med innvandrarbakgrunn deltar omtrent likt som andre barn i barnehagane.

Aktivitetsskolen gir barn betre føresetnader for å lykkast i skolen, og i 2013 starta eit forsøk med gratis deltid i aktivitetsskole ved Mortensrud skole i Oslo. Forsøket er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). I 2014 er det sett av 2,2 millionar kroner på BLDs budsjett til tiltaket.

- Tilbod som gratis kjernetid og deltaking i aktivitetsskolen bidrar til å utjamne sosiale forskjellar, seier Inga Marte Thorkildsen.