Historisk arkiv

Styrkt innsats for born og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 05101 G
Dato: 14.10.05

Styrkt innsats for born og unge

Regjeringa vil auke innsatsen for å betre levekåra blant born og unge som lever i ein vanskeleg situasjon. Det er sett av 14 millionar kroner til utvikling av tiltak for born med rusmisbrukande foreldre. Innsatsen mot fattigdom blei i Revidert nasjonalbudsjett 2005 styrkt med 5 millionar kroner, og i 2006 blir innsatsen styrkt med ytterlegare 1 million kroner. I tillegg føreslår regjeringa 5 millionar kroner i støtte til verdiprosjektet "Skal – Skal ikkje".

Born som lever med foreldre som misbruker rusmiddel, skal få betre hjelp. Rusmisbruk er framleis eit tabuområde, og born av rusmisbrukande foreldre er særleg sårbare i eit oppvekst‑ og levekårsperspektiv. Det lokale hjelpeapparatet møter derfor utfordringar når det gjeld å sjå borna og gi dei systematisk og god hjelp over tid. – Målet er å utvikle kompetansen i kommunane og behandlingsinstitusjonane. For å hindre at born som lever med rusmisbrukande foreldre, utviklar større problem seinare i livet, må det sterkare satsing til. Desse borna treng å bli sedde, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy.

Verdiprosjektet "Skal – Skal ikkje" har gått inn i ein ny treårig prosjektperiode. Kristent Pedagogisk Forbund får 5 millionar kroner i 2006 til å gjennomføre dette prosjektet. Prosjektet skal medverke til mobilisering rundt verdi‑ og holdningsskapande arbeid i oppvekstmiljøet. Ved at barnehagar, skular og lokalsamfunn deltek i prosjektet, skal born og unge få støtte og hjelp til å gjere medvitne verdival.


Tilskotsordninga "Barne‑ og ungdomstiltak i større bysamfunn"
er eit målretta verkemiddel for å betre oppvekst‑ og levekåra for born og unge med spesielle behov og for utsette ungdomsgrupper. Innanfor ordninga er det ei eiga satsing retta mot born, unge og familiar med innvandrarbakgrunn. Desse gruppene møter spesielle utfordringar og er høgt prioriterte. Samla sett er tilskotsordninga på 41,4 millionar kroner i 2006. Av dette er 21,5 millionar kroner øyremerkt til satsinga retta mot born, unge og familiar som strir med problem knytte til fattigdom. Innsatsen mot fattigdom blir styrkt med 1 million kroner i forhold til Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Meir informasjon:

Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.