Historisk arkiv

Sunnmørsmat AS vinner pris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Sunnmørsmat AS på Haramsøy har en lidenskap for lokal mat med høy kvalitet. I dag blir bedrifta heidra med bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal.

– Det harde arbeidet og lidenskapen har resultert i både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt, som Sunnmørsmat AS både sel og marknadsfører for garder som selskapet samarbeider med. Selskapet er også leverandør til både daglegvarehandelen og restaurantmarknaden. I tillegg til eiga inntjening, har selskapet som føremål å betre innteninga på samarbeidande gardar.

Sunnmørsegg
Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr som gir hønene den beste næringa dei kan få. Foto: Håkon Longva Haram

– Dette er berre fantastisk! Det er verkeleg flott at den strategiske tenkinga som ligg bak selskapet Sunnmørsmat AS ikkje berre har lykkast, men òg blir lagt merke til og heidra på denne måten. Særleg er eg oppteken av den samarbeidsmodellen som vi har utvikla i lag med Nortura og som inneber at vi samhandlar med samvirke ut over det å vere råvareleverandør. Eg er òg svært oppteken av at bonden må få større marknadskontakt, noko me får til med denne modellen. Samtidig bidreg det til større volum gjennom den bondeeigde samvirkeindustrien, noko som vil bidra til lågare kostnader, seier Rune Haram dagleg leiar i Sunnmørsmat AS.

– Det er ikkje nytt med gardssal av egg i Norge. Men ei felles satsing på eigen merkevare og i nært samarbeid med samvirkebedrifta Nortura er eit nybrottsarbeid, og viser at samvirkemodellen framleis er under utvikling. Dette fører til betre inntening for bøndene, og i dette tilfellet er det fire bruk som har fått ein fin auke i sitt økonomiske resultat, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.

– Kombinasjonen av økonomisk resultat, forskningsarbeid, strategisk posisjonering og samfunnsengasjement gjer Sunnmørsmat AS til ein verdig vinnar av prisen i 2019, fortel Øygard.

Grasfôra kjøt

Produksjonen av grasfôra kjøt er resultatet av eit treårig forskings- og utviklingsprosjekt som Haram gjennomførte i perioden mellom 2011 til 2013, i samarbeid med mellom anna Nofima.

Grasfôra kjøt er storfekjøt frå oksar som er framfôra i hovedsak på ferskt gras og rundballar. Oksane går ute på beite heile sommaren, noko som fører til ein svært høg kvalitet på kjøtet i tillegg til at det er produsert på ein mest mogeleg bærekraftig måte.

Sunnmørsegg

Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr som gir hønene den beste næringa dei kan få. Dette resulterer i den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har blitt kjende for.

Sunnmørsmat AS har også eit sterkt sosialt engasjement gjennom hjelpeorganisasjonen Johooo på Zanzibar i Aust-Afrika der dei bidrar sterkt til at lokale kvinner får hjelp til å bygge opp eit nettverk innan eggproduksjon med den omfattande turistindustrien i landet som marknad.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler hvert år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.  
  • Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.  
  • Det kåres en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner.  
  • De fylkesvise vinnerne deltar så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.  
  • Den nasjonale prisen vil bli delt ut under Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020. 

  • Les mer om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket og se oversikt over årets vinnere hos Innovasjon Norge