Historisk arkiv

Svak nedgang i elvefisket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I alt blei det fiska 162 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2014. Det er 7000, eller 4 prosent, færre fisk enn året før, viser oversikt frå SSB. Av desse fiskane blei 80 prosent avliva og 20 prosent sleppt levande ut igjen.

Den avliva fangsten vog 321 tonn, fordelt på 277 tonn laks og 45 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før, var det ein nedgang på 3 prosent for laks og 11 prosent for dei to andre fiskeslaga.