Historisk arkiv

Svar på spørsmål om informasjonsstøtte til sivilsamfunnet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Dag-Inge Ulsteins svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om regjeringa vil attinnføre informasjonsstøtta til sivilsamfunnet.

Skriftleg spørsmål nr. 1087 (2019-2020).
Datert 28.02.2020

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utviklingsminister Dag-Inge Ulstein: 
Vil regjeringa attinnføre informasjonsstøtta til sivilsamfunnet, som forvaltast av Norad, som ein eigen post i Statsbudsjettet for 2021 og vurdera auka bevilgingar til dette føremålet?

Utviklingsministerens svar: 
Sivilsamfunnet speler ei nøkkelrolle i norsk utviklingspolitikk. I 2019 vart 7,5 milliardar kroner av utviklingsbudsjettet kanalisert gjennom frivillige organisasjonar. 

Føremålet med informasjonsstøtta er å skape kunnskap, engasjement og kritisk debatt om globale miljø- og utviklingsspørsmål i Noreg. I år tek 38 organisasjonar imot slik støtte frå Norad. Til saman vert dette i underkant av 58 millionar kroner. To av desse organisasjonane tek imot støtta på vegne av andre, og fordelar ho vidare til i overkant av ti organisasjonar. 

Støtta har god effekt, noko som har vorte bekrefta gjennom to evalueringar dei siste tre åra. Som representanten Navarsete sjølv peiker på, er det brei oppslutning om informasjonsstøtta i Stortinget. Etter mi meining held støtta høgare kvalitet i dag enn i 2014.  

Regjeringa legg berekraftsmåla til grunn for norsk politikk fram mot 2030. Arbeidet med å utrydde all ekstrem fattigdom og nå dei andre måla vert utfordrande, og vi vil gå gjennom politikk og verkemiddel for å sjå korleis det kan gjerast så effektivt som mogleg. Dette gjeld ikkje minst spørsmål knytt til klimatiltak, utsleppsreduksjonar og tilpassing til klimaendringane. I arbeidet med ein strategi for klimatilpassing i utviklingssamarbeidet vert det mellom anna vurdert korleis vi kan nytta eksisterande og nye verkemiddel betre. 

Norad, som forvaltar informasjonsstøtta i samsvar med måla som Stortinget har fastsett, går no gjennom korleis informasjonsstøtta best mogleg kan støtte arbeidet med berekraftsmåla. 

For å sikra effektiv og fagleg god forvaltning av støtta, tek gjennomgangen utgangspunkt i tilrådingane frå evalueringane. Norad legg vekt på ein open gjennomgang i samarbeid med organisasjonar som tek imot støtte eller som kan verte aktuelle for støtte. 

Det vart haldne to informasjonsmøte i 2019, og Norad inviterte til skriftlege innspel. Det har nett vore ein høyringsrunde om dei førebelse forslaga til endringar.  

Eg vil arbeide for at regjeringa vidareførar informasjonsstøtta og er trygg på at Norad vil gjere dei justeringane som er naudsynte for å gjere ho meir effektiv og tilpassa arbeidet med å nå berekraftsmåla.