Historisk arkiv

Svar på spørsmål om konferanse innan det humanitære initiativet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftlig spørsmål nr. 344 (2014-2015)

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på spørsmål frå representanten Sveinung Rotevatn (V) om støtte til Sør-Afrika i arbeidet med å arrangere neste konferanse innan det humanitære initiativet om kjernefysiske våpen.

Skriftlig spørsmål nr. 344 (2014-2015). 
Datert 12.12.2014

 

Frå representanten Sveinung Rotevatn (V) til utanriksministeren:

Vil regjeringa signalisere til Sør-Afrika at dei kan rekne med økonomisk og politisk støtte frå Noreg i arbeidet med å arrangere neste konferanse innan det humanitære initiativet om kjernefysiske våpen?

Grunngjeving:

«Konferansen om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen vart avslutta tysdag 9. desember i Wien. Konferansen vart svært vellukka, og var den tredje i rekka etter at Noreg arrangerte den første konferansen i Oslo mars 2013.

I tillegg til Austerrike heldt 43 statar sterke innlegg om behovet for eit internasjonalt forbod mot kjernefysiske våpen, inkludert Mexico og Sør-Afrika. Mexico sa at det no er tid for å starte ein diplomatisk prosess, og Sør-Afrika indikerte i sitt innlegg at dei vurderer å invitere til neste konferanse. Etter Venstre syn er dette svært gledeleg, og det vilIe vore eit viktig signal om frå Noreg si side dersom regjeringa ville varsle at vi vil støtte opp om initiativet til Sør-Afrika, både politisk og eventuelt økonomisk. Utanriksministeren har tidlegare vore tydeleg i Stortinget på at Noreg støttar det humanitære initiativet, og det er å håpe at desse orda vert fulgt av handling.»

Utanriksministeren sitt svar:

Konferansen i Wien om dei humanitære konsekvensane av kjernevåpen var vellukka. Konferansen samla nærare 160 land om det humanitære initiativet, inkludert for fyrste gong også Ikkje-spreiingsavtalen (NPT) sine kjernevåpenmakter USA og Storbritannia. Konferansen kom med ei rekkje substansielle og faktabaserte bidrag til debatten. Dette utdjupar det humanitære initiativet slik det vart lansert i Oslo i mars 2013. 

Noreg arbeider aktivt for at tilsynskonferansen for NPT i New York i april/mai 2015 skal bli så konstruktiv som mogeleg, og vil saman med andre land bringe konklusjonane frå dei humanitære konferansane dit. Temaet humanitære konsekvensar vil vere på dagsordenen også etter tilsynskonferansen og Noreg vil vidareføre sitt aktive engasjement.

Regjeringa vil gje støtte til Sør-Afrika, dersom dei vedtek å invitere til ein ny konferanse basert på grunnlaget frå Oslo-konferansen. I sitt innlegg på Wien-konferansen peikte likevel Sør-Afrika på tilsynskonferansen for NPT i april/mai 2015 som den neste naturlege møtestaden der humanitære konsekvensar av kjernevåpen kan drøftast.

Noreg vil arbeide aktivt med det humanitære initiativet fram mot NPT sin tilsynskonferanse. Gjennom den faktabaserte tilnærminga som Noreg har stått i spissen for, har vi kome vidare etter den førre tilsynskonferansen i 2010.