Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om fristen for å søkje om produksjonstilskott i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) om kvifor fristen for å søkje om produksjonstilskott i landbruket, 15. mars kvart år, er vorte absolutt og utan moglegheit til å søkje etter fristens utløp.

Svar på spørsmål nr. 1327 frå stortingsrepresentant Nils T. Bjørke

Representanten Nils T. Bjørke har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Kan statsråden grunngje kvifor fristen for å søkje om produksjonstilskott i landbruket, 15. mars kvart år, er vorte absolutt og utan moglegheit til å søkje etter fristens utløp?"

Fristane for å søkje produksjonstilskott vart bestemt i jordbruksoppgjeret 2016 i samband med førebuingane til etableringa av datasystemet "eStil pt". Partane vart då einige om at søknadsfristane 15. mars og 15. oktober skulle vere absolutte, men at det skulle vere mogleg å endre innsendt søknad i 14 dagar etter søknadsfristen, utan at det skulle få økonomiske konsekvensar for søkjar. Partane slo vidare fast at det fortsatt skulle vere høve til å dispensere frå søknadsfristane i særlige tilfelle, jf. Prp. 133 S (2015-2016).

I dag opnar søknadssystemet om lag to veker før søknadsfristen. Søkjaren har dermed tilstrekkelig tid til å få levert søknaden. Oppdagar bonden at ho eller han til dømes har gløymd å fylle ut opplysningar i søknaden etter at fristen er ute, har han i tillegg ytterlegare 14 dagar på å gjere rettingar før systemet blir lukka. Endringa kan bli gjort utan gebyr. Har noko upårekna komme opp er det òg, som tidlegare, høve til å gje dispensasjon frå fristen. Det er såleis tatt høgde for at noko kan skje den einskilde søkjar i perioden søknadssystemet er opent. På dette viset meiner eg at systemet er fleksibelt og føreseieleg.

Eg vil leggja til at alle føretak som søkte produksjonstilskott førre søknadsomgang får tilsendt ei melding i Altinn i forkant av kvar søknadsperiode (i forkant av 1. mars/1. oktober), der Landbruksdirektoratet informerer om komande søknadsomgang. Det vert samstundes gjeve varsel på sms og/eller e-post om at føretaka har motteke slik informasjon.

Med helsing

Jon Georg Dale