Svar på skriftleg spørsmål om avvikling av pelsdyrnæringa

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) avvikling av om pelsdyrnæringa.

Eg viser til spørsmål nr. 1209 for skriftleg svar. Spørsmålet er reist i brev 2. juni 2016 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes, og lyder: 

"En rapport statsråden har bestilt fra Menon Economics viser at det er samfunnsøkonomisk lønnsomt å avvikle pelsdyrnæringen innen ti år. Beregningene viser at det sannsynligvis ikke fører til noe tap for oppdretterne heller. Tidligere undersøkelser viser at oppdrettere som slutter å produsere pels, finner nytt arbeid uten store problemer. Tatt dette i betraktning, vil statsråden gjøre de nødvendige endringer for å avvikle næringen til beste for dyr og samfunn?"

Stortinget har bede regjeringa om å vurdere forbod mot norsk pelsdyrhald i arbeidet med oppfølging av pelsdyrutvalet sin NOU om norsk pelsdyrhald (NOU 2014: 15). Regjeringa har varsla at den hausten 2016 vil komme tilbake til Stortinget med ei melding om oppfølging av denne utredninga. Denne meldinga vil svare på oppmodinga frå Stortinget, og på representanten sitt spørsmål. Rapporten frå Menon Economics er henta inn i samband med  arbeidet med meldinga, og vil bli omtalt.

Eg ber om forståing for at eg ikkje kan uttale meg vidare om innhaldet i meldinga før regjeringa sitt arbeid med ho er sluttført.

Med helsing                                                                      

Jon Georg Dale