Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om flytting av NIBIO si avdeling på Kvithammer til Steinkjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol (A) om flytting av NIBIO si avdeling på Kvithammer til Steinkjer.

Eg viser til spørsmål nr. 1234 for skriftleg svar. Spørsmålet er reist i brev av 6. juni 2016 frå stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol. Spørsmålet er som følgjer: Styreleder Victor Normann uttaler også at denne flyttingen har vært et ønske fra regjeringen fra før NIBIO ble etablert. Hvorfor ønsker regjeringen å flytte avdelingen på Kvithammer til Steinkjer uten å anvise finansiering, og hvilke andre kutt mener regjeringen dette fører med seg innenfor NIBIOs portefølje? Hvorfor er det så viktig for regjeringen å flytte NIBIO Kvithammer til Steinkjer?

Regjeringa vedtok 19. juni 2014 å opprette Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjennom ei samanslåing av Bioforsk, NILF og Skog og landskap. Stortinget vart orientert om dette i RNB 2015. Som følgje av behov for endra kapittel- og poststruktur, vart kunnskapsutviklingsmidlar til det nye instituttet samla på ein post i eit nytt kapittel, gjeldande frå 1. juli 2015. Det vart også orientert om at NIBIO organiserast som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Målet med fusjonen er å samle kreftene innan forskings- og utviklingsmiljøet i landbruket. Regjeringa ønskjer at mindre ressursar går til administrasjon, drift og vedlikehald, og meir til utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og støtte til forvaltinga. Dei tre institutta som vart fusjonert, hadde til saman 18 regionale einingar.

Ei effektivisering av dei regionale einingane var difor ein naturleg del av arbeidet for å nå desse måla.

Forskingsinstituttet Bioforsk hadde over lengre tid arbeidd for å effektivisere det regionale nærværet til verksemda. Bioforsk hadde 12 einingar rundt om i landet. Bakgrunnen for arbeidet var at mange av dei var små faglege einingar, og mange hadde store administrative og bygningsmessige kostnadar.

Etableringa av NIBIO medførte fleire endringar som har gitt diskusjonar kring dei einskilde lokaliseringane. Det viktigaste er likevel at etableringa av NIBIO resulterte i ei samling av den landbruksfaglege forskinga i eit nytt kraftsenter. Ein forskings-kompetanse som samla sett vil vere i stand til å ta ei leiaroppgåve for å styrke bioøkonomien, samt stø opp om andre viktige fagmiljø knytt til landbrukssektoren.

Den 5. juni 2015 offentleggjorde regjeringa sitt vedtak som omhandlar sju av dei regionale einingane til NIBIO. Om Kvithamar gjekk det fram at eininga skulle leggas ned, og at NIBIO ville få i oppdrag å byggje opp ei ny eining i Steinkjer saman med andre tverrfaglege kunnskapsmiljø. Regjeringa vil på denne måten styrke grunnlaget for eit sterkt fagmiljø for landbruket i Trøndelag.

I 2013 viste den dåverande raud-grøne regjeringa at også dei ville styrke det landbruks- og matfaglege miljøet og løyvde 3 mill. kr til husdyrutdanning ved tidlegare Høgskulen i Nord- Trøndelag og Høgskulen i Hedmark. Satsinga vart kalla ei kraftsamling for forsking og utvikling, og Steinkjermiljøet sto sentralt i denne satsinga. I statsbudsjettet for 2014 vart løyvinga auka med 1 mill. kr til Høgskulen i Nord- Trøndelag.

Som ei oppfylging av satsinga sette LMD hausten 2013 ned ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å utgreie moglegheitene og fagleg innhald i eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (no Nord universitet). Rapporten vart overlevert LMD i april 2014. Eit fleirtal i gruppa tilrådde etablering av eit sterkt og samhandlande fagmiljø i Midt-Noreg, der ressursane blir sett i samanheng og nytta effektivt for å gje kunnskapsløft og auka verdiskaping i landbruket.

Det er dermed fleire prosessar over fleire år som har danna grunnlaget for det vedtaket som vart fatta.

Finansiering
Sidan 1928 har vi fylgt eittårsprinsippet i det norske budsjettsystemet, og i løyvingsreglementet for staten § 3, går det fram at "Budsjettet vedtas for kalenderåret".

Regjeringa har ikkje sett nokon grunn til å avvike frå dette prinsippet og øyremerke midlar i Statsbudsjettet for 2016 til ei nedlegging og oppbygging som ligg fleire år fram i tid.

Nedlegging på Kvithamar og oppbygging på Steinkjer har naturleg nok ein eingongskostnad. Gjennom tildelingsbreva både for 2015 og 2016 har departementet bedt instituttet prioritere arbeidet med å følgje opp og implementere vedtaket. Departementet har foreløpig ikkje motteke ein aktivitetsplan frå NIBIO for når dei ulike elementa i flyttesaka skal skje. Difor føreligg det heller ikkje endeleg kostnadsestimat.

NIBIO har samla totale driftsinntekter på om lag 700 mill. kr medrekna løyvingar over statsbudsjettet. Innanfor denne ramma er det for 2016 løyvd 222 mill. kr til NIBIO som kunnskapsutviklingsmidlar. Det er styret si oppgåve å gjere vurderingar kring den samla ressursbruken basert på føringar i tildelingsbrevet frå departementet.

Det er også verdt å minne om at sjølv om det vil følgje kostander med den aktuelle flyttinga, ville det å halde fram på Kvithamar også utløyst nye kostnader. Eksempel på dette er oppgraderings- og vedlikehaldskostnader. Ein kan ikkje måle kostnader ved flytting isolert, utan å også ta høgde for dette.

Andre forhold
I Midt-Norge spesielt, ser vi store moglegheiterfor faglege synergiar i det tunge landbruksfaglege miljøet i Steinkjerområdet, mellom anna samarbeid med Nord universitet, andre forskingsinstitutt, rådgjevingstenesta – og ikkje minst landbruksnæringa.

Omorganiseringar vil alltid skape ei viss usikkerheit i ein overgangsperiode. Slike utfordringar aukar ofte i omfang dess lengre ein endringsprosess føregår. Vedtaket om regional struktur vart gjort for eitt år sidan. For å sikra framdrift i arbeidet, fann LMD det naudsynt å setje ei tidsramme for arbeidet. Det blei gjort i brev frå LMD 7. april i år.

Tidsramma for arbeidet vil etter mitt syn, gi NIBIO sitt styre naudsynt tid til å gjennomføre denne flyttinga på eit vis som også gjer det mulig å ta omsyn til dei tilsette på ein best mogeleg måte. Samstundes gir tidsramma rom for å utnytte forskingsareala i ein periode også etter flytting.

Den regionale eininga i Trøndelag skal – som dei andre regionale einingane i NIBIO – vere ein del av instituttet sitt totale forskingsmiljø, samtidig som den skal spele ei viktig rolle når det gjeld å dekkje det landbruksfaglege kunnskapsbehovet i regionen.

Med helsing

Jon Georg Dale