Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål nr. 319 frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Om kommunesamanslåing og eigedomsskatt

Eg viser til brev av 9. november 2018 med spørsmålet nedanfor frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø for skriftleg svar:

«I samband med foreslegne kommunesamanslåingar er det oppstått spørsmål om samanslåinga si betydning for kommunane sin utskriving av eigedomsskatt. Kva skattesats skal nyttast ved utskriving av eigedomsanlegg første år for samanslåtte kommunar?

Grunngjeving:
Etter eigedomsskattelova § 13 kan eiendomsskatt skrivast ut med sats på to promille første året, og deretter aukast med to promille kvart år. Frå 1.1.2019 vert lova endra slik at første året det vert skrive ut eigedomsskatt, så er satsen éin promille, og deretter kan satsen auke med éin promille kvart år. Maksimal sats skal frå 1.1.2019 vera fem promille for bustader og fritidseigedomer, mens maksimal sats for andre eigedomer, herunder vannkraftverk, kraftlinjer mv, er sju promille. Etter bestemmelsens siste ledd kan det ved endring av kommunegrenser skrives ut eiendomsskatt etter same satser som før utvidinga. Spørsmålet går på om dette også gjeld ved kommune-samanslåingar, eller vil den nye samanslåtte kommunen bli sett på som ein ny kommune. For kommunar med vannkraftanlegg er spørsmålet av stor betydning, sidan dei fleste kommunar med slike anlegg nyttar sju promille. Ein reduksjon til éin promille vil såleis gje eit betydelig skattebortfall. Finansdepartementet har i fleire tolkningsuttalelser lagt til grunn at ved kommunesamanslåing kan eiendomsskatt vidareføres på same nivå. I brev 23.9.1991 uttaler departementet at i den nye sammenslåtte kommunen Sarpsborg, kunne satsen for året etter sammenslåinga ta utgangspunkt i satsen som blei nytta i Sarpsborg før sammenslåing. I seinare uttalelser har Finansdepartementet har tidligare uttalt at ved utvidelse av området for eiendomsskatt kan den tidlegare skattesatsen nyttast, og vist til at når det allereie er innført eigedomsskatt, så gjer ikkje innrettelseshensyn seg gjeldande på same måte. Ved kommunesammenslåing er det i tillegg eit moment at kommunane sine eiendomsskatteinntekter ikkje bør bli redusert som følgje av kommunesammenslåinga.»

Svar:
Eg forstår spørsmålet som kva for ein skattesats den nye kommunen kan bruke når den skal skrive ut eigedomsskatt det første året etter samanslåinga.

Eigedomsskattelova § 13 har reglar om kva for skattesats kommunen kan bruke det første året eigedomsskatt blir utskrive og kor mykje satsen kan auke med kvart år. Frå og med 2019 kan eigedomsskatten vere mellom 1 og 7 promille. Første året det blir skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, må skattesatsen vere 1 promille. Seinare kan skattesatsen auke med ein promille per år til maksimalsatsen på 7 promille. Same året som ein kommune innfører botnfrådrag for bustader, kan satsen auke med 2 promille. For huslause grunneigedomar kan satsen auke med 3 promille i året. Ny maksimalsats for bustader på 5 promille blei foreslått i statsbudsjettet for 2019 .

I same føresegna følgjer det av tredje ledd at får ein kommune nye grenser, så skal ikkje reglane ovanfor vere til hinder for at det på eigedomar som kjem med i kommunen, blir skrive ut eigedomsskatt etter same satsar som før utvidinga. Regelen har vore i eigedomsskattelova sidan den vart innført i 1975, og var ei tilpassa vidareføring av § 3 i lov om tillegg til skattelover for landet og for byane av 18. august 1911.

I juridisk teori er det lagt til grunn at kommunesamanslåing er omfatta av regelen i eigedomsskattelova § 13 tredje ledd. Finansdepartementet la same synspunktet til grunn i brev av 23. september 1991 til Sarpsborgutvalget. I brevet sa departementet at ei naturleg forståing av eigedomsskattelova § 13 andre ledd (no tredje ledd) var at eigedomsskattesatsen for den samanslåtte kommunen for 1992 kunne settast ut frå satsen i bykommunen Sarpsborg i 1991, som var på 6,5 promille. Det ville seie at den nye storkommunen kunne auke satsen til maksimalsatsen på 7 promille for alle områda i den nye storkommunen som heilt eller delvis var utbygd på byvis, eller der slik utbygging var i gang, jf. dei tidlegare vilkåra for utskriving av eigedomsskatt. Vidare blei det sagt at kommunen også kunne fastsetje ein lågare sats.

Eit spørsmål som har vore reist om eigedomsskattelova § 13 tredje ledd, er kva for ein kommune som får nye grenser når to eller fleire kommunar blir slått saman. Då eigedomsskatt berre kunne skrivast ut på eigedom i bystrøk og verk og bruk i heile kommunen, blei det lagt til grunn i juridisk teori at det var bykommunen som fekk nye grenser. Når to landkommunar blei slått saman, var oppfatninga at landkommunen med flest innbyggjarar fekk nye grenser. No er det lov å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen, slik at det ikkje lenger er berre bykommunar som har eigedomsskatt på andre eigedomar enn verk og bruk. Vanlegvis vil det difor vere innbyggjartalet som avgjer kva for ein kommune som får nye grenser og kva for eigedomsskattesats som kan brukast i storkommunen etter samanslåinga. Utgangspunktet for den nye eigedomsskattesatsen er skattesatsen som blei brukt i den mest folkerike kommunen året før samanslåinga. I tillegg kan satsen bli auka ut frå dei vanlege reglane om årleg satsauke. Til dømes kan ein kommune med eigedomsskattesats på 3 promille i heile kommunen som blir slått saman med ein mindre folkerik kommune med 7 promille eigedomsskatt berre på verk og bruk, skrive ut eigedomsskatt i heile storkommunen med 4 promille det første året. Slik blir utfallet viss eigedomsskattelova må løyse spørsmålet om skattesatsen.  

Ei anna vurdering er korleis harmonisering av eigedomsskatten i dei ulike kommunane bør skje. I den samanhengen er reglane i inndelingslova § 17 viktige. Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift når det blir rekna som nødvendig for å få gjort vedtak om grenseendring, jf. inndelingslova § 17 andre ledd.

Med helsing

Siv Jensen