Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om Naturskadefondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) om Naturskadefondet.

Svar på spørsmål nr. 418 frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Eg syner til brev frå Stortingets president av 29. november 2019 vedlagt spørsmål nr. 418 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.

Spørsmålet lyder:
"Er statsråden trygg på at Naturskadefondet har handsama grunneigarar i Fortunsdalen likt ved utmåling av erstatning gjennom like satsar i verdifastsetjinga og like satsar i utmåling av erstatning, og kvifor har Naturskadefondet ved erstatningsutbetalinga etter flommen i Fortunsdalen avgjort at den mellombelse taksten skal leggjast til grunn og ikkje den endelege taksten?"

Grunngjeving:
"Etter flommen i Fortunsdalen i oktober 2018 har grunneigarar hatt eit stort arbeid i å rette opp alle skadane på hus og innmark. Dei har fått erstatning, men etter mine opplysningar er det misnøye med måten Naturskadefondet har utført sitt arbeid."

Eg er kjend med saka som representanten Navarsete syner til, både gjennom media og spørsmål frå stortingsrepresentantar.

Lov om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningsloven) inneheld reglar om den statlege naturskadeordninga. Landbruksdirektoratet er ansvarleg styresmakt, og gjer vedtak om erstatning. Klagenemnda for naturskadesaker (klagenemnda) avgjer eventuelle klager etter ordninga.

Eg er kjend med at det i denne saka har vore ein diskusjon om dei ulike rapportane om skadetakst. Når det gjeld bruken av takstrapportar følgjer det av reglane at taksten berre er rettleiande for Landbruksdirektoratet si avgjerd om erstatning.

Direktoratet har etter ei samla vurdering utmålt erstatninga med utgangspunkt i bruksverdien av skadeobjektet, slik det følgjer av lova. Saka har òg vore handsama i klagenemnda med same resultat som det opphavlege vedtaket.

Eg er nyleg gjort merksam på at klagenemnda har vedteke å sjå på denne saka på nytt på nyåret.

Eg vil understreke at klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan og departementet har ikkje høve til instruere nemnda.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad