Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om genetikken i dei gamle verpehønslinene og om å sikre dyrematerial

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik (Sp) om staten tek ansvar for å ta vare på genetikken i dei gamle verpehønslinene, og å sikre dyrematerial til forsøk og forsking, og auke si finansering av genbanken for verpehøns.

Spm nr 1059 frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik

Stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik har stilt følgjande spørsmål:

Vil statsråden jobbe for en løsning hvor staten tar sitt ansvar for å ta vare på genetikken i de gamle verpehønslinjene og sikre dyremateriale til forsøk og forskning og øker sin finansering av genbanken for verpehøns?

Genbanken for verpehøns som ligg til Hvam vidaregåande skule ved Akershus fylkeskommune, mottek årleg driftstøtte over statsbudsjettet, jf Prop 1S (2017-2018) frå Landbruks- og matdepartementet (LMD).

I løpet av dei 5 sista åra har genbanken óg motteke støtte til fleire naudsynte investeringar og til fleire faglege utgreiingar som har avdekka den genetiske verdien av verpehønene som genbanken tek vare på. Gjennom avtalen med Norsk genressurssenter ved NIBIO har genbanken óg tilgong til fagleg rettleiing frå genressurssenteret.

Akershus fylkeskommune melde i 2017 i frå om at dei ikkje ynskte å forlenge driftsavtala med NIBIO for meir enn 2 år. LMD gav då NIBIO i oppgåve å utforma ein strategi for vidare drift av genbanken.

Stortingsrepresentanten viser til utkastet til vedtak i saka som skal handsamast i fylkestinget i Akershus 19. mars 2018. Eg vil difor avventa fylkeskommunen sitt vedtak før den vidare drifta av genbanken for verpehøns blir vurdert.

Med helsing

Jon Georg Dale