Svar på skriftleg spørsmål om å sikre dyrevelferda til dyr som er i Mattilsynet si varetekt og skal avlivast

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ulf Leirstein (FrP) om kva statråden vil gjere for å sikre dyrevelferda til dyr som er i Mattilsynet si varetekt og skal avlivast.

Stortingsrepresentant Ulf Leirstein har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"Hva vil statsråden gjøre for å sikre dyrevelferden for dyr som er i mattilsynets varetekt og skal avlives?" 

Svar: 
Eg er samd i at det må vere god dyrevelferd òg for dyr som står i karantene. 

Når Mattilsynet  avdekker  ulovleg import av hundar eller andre dyr, har tilsynet ikkje som rutine å avlive dyra. Dersom eit dyr ikkje oppfyller innførselsvilkåra i regelverket, blir dyret avvist. Det betyr at det enten må returnerast eller setjast i karantene til vilkåra er oppfylt og den helsemessige statusen er avklart. 

Det er berre når eigar ikkje vil returnere dyret eller ikkje vil betale for opphald i karantene at Mattilsynet må vurdere om dyret skal avlivast. Det hender òg av og til at dyr er så sjuke at dei må avlivast av den grunn. 

Dyr som vert avvist av grenseveterinæren på Oslo Lufthamn, blir midlertidig stalla opp i Mattilsynet sine lokaler hos grenseveterinæren. Opphaldet her skal vere så kort som mogeleg for å avgjere kva som skal skje vidare med dyret. Mattilsynet opplyser at slik midlertidig oppstalling ikkje vil vare lenger enn eit par dagar. Eg meiner det er viktig at dette skjer i ei så kort periode som mulig. 

Kor lenge eit dyr må stå i karantene varierer veldig, frå ein dag til 120 dagar. Kjæledyr som må haldast isolerte lenge, blir overførte til karantenestasjon som er godkjent av Mattilsynet og som oppfyller dei krava ein set til eit vanleg dyrepensjonat. For å hindre smitteoverføring, blir dyr i karantene ikkje lufta saman med dyr som andre eig. 

Karantenestasjonen skal likevel sørgje for å leggja til rette forholda for dyra ut frå deira behov både når det gjeld storleik på bur, fôring og tilstrekkelig aktivitet. 

Det er viktig å hugse på at det er dei som innfører desse dyra som har hovudansvaret for at helsesituasjonen til dyra er avklart, slik at dei ikkje må gjennom ei lang karanteneperiode. 

I dei tilfella dyr må gjennom ei lengre karanteneperiode før dyret slepp inn, eller i ei periode som av ulike årsaker ender i avliving, skal dyret ha god dyrevelferd gjennom tilstrekkelig plass, fôring og aktivitet. 

Eg legg til grunn at dette vert etterlevd.

 

Med helsing    

Jon Georg Dale